Rådgjevande eining for russaker

Dersom du vert teken for å ha, eller bruka mindre mengder illegale rusmiddel tenkt til eigen bruk, kan du måtte møta hos den kommunale eininga for russaker. Det er påtalemyndigheita som bestem om du skal møta her i staden for fengselsstraff eller bot. I Øygarden er den rådgjevande eininga  lagd til avdeling Psykisk helse og Rus og ungdomstenesta i kommunen.

Oppmøte

Ved oppmøte vil den einskilde få tilpassa informasjon, råd og rettleiing knytt til moglege konsekvensar kring  bruk av rusmidlar og om kva hjelpetilbod som fins, samt få tilbod om tilrettelagd individuell oppfølging. Dersom det er ønskjeleg med vidare oppfølging vil dette skje i det ordinære tenestetilbodet. Den rådgjevande eininga kontaktar aktuelle instansar etter samtykke frå den einskilde. 

Rusmiddeltest

Rusmiddeltesting kan i nokre tilfelle setjast som vilkår for påtaleunnlating, og det vil i desse høve vera den rådgjevande eininga som har ansvar for at slik testing vert utført hos ekstern aktør. 

Dokumentasjon

Innhald frå møte i rådgjevande eining samt eit eventuelt svar på rusmiddeltest blir ikkje journalført i kommunens journalsystem, registrering av oppmøte samt eventuelt testresultat er personsensitive opplysningar og lagrast i henhald til dei krav som gjeld for slike opplysningar.

Lover og reglar