Turbofart på vikar og turnus

Som del av omstillingsarbeidet, har vi kartlagt korleis vi arbeider med vikarinnhenting og turnus i helse- og velferd. Dette er to område som påverkar både kvardagen til leiarar og kvaliteten på tenestene vi gir. 

Illustrasjonsfoto pasient frå hjelp frå medarbeidar - Klikk for stort bileteIll.foto Colourbox

Kartleggingane er del av TURBO-prosjektet – Turnus, Bemanning og Optimalisering – som skal gje betre system, meir støtte og meir tid til kjerneoppgåvene.

Vikarinnhenting: mykje tid og lite system

- Vi brukar mykje tid på å leita etter vikarar, og det går ut over tid til fagleg oppfølging og personalansvar.
                          leiar i helse- og velferd, frå kartlegginga

Kartlegginga omfattar 12 einingar. Mange leiarar brukar mellom éin og fire timar dagleg på å skaffa vikarar – og i enkelte periodar over 15 timar i veka. Natt- og helgevakter er særleg krevjande.

Kvifor vi har gjort dette

God bemanning og godt planlagt turnus er avgjerande for tryggleik og kontinuitet i tenestene. Samstundes tek vikarinnhenting og turnusarbeid mykje tid og energi for leiarane våre. Målet med kartleggingane har vore å få eit klart bilete av dagens praksis og utfordringar – slik at vi kan utvikla betre og meir berekraftige løysingar.

Hovudfunn:

  • Store variasjonar i rutinar og arbeidsmåtar
  • Mykje manuelt arbeid og lite støtte
  • Manglande samarbeid og kvalifiserte vikarar


Tiltak vi vurderer:

  • Felles rutinar og betre digitale verktøy
  • Koordinering mellom einingar
  • Kommunal vikarpool

Turnusarbeid: krevjande og tidkrevjande

Ni leiarar har delt erfaringar. Over halvparten brukar mellom 150 og 200 timar på å laga årsturnus, i tillegg til løpande justeringar.

Hovudutfordringar:

  • Stor tidsbruk og manglande planleggingstid
  • Varierande kompetanse i digitale verktøy
  • Utfordringar med å balansera drift og individuelle ønskjer

Tiltak vi vurderer:

  • Faste planleggingsperiodar
  • Strukturert opplæring og støtte
  • Standardiserte malar og meir erfaringsdeling

Vegen vidare

Kartleggingane gjev oss eit solid grunnlag for å utvikla betre system og frigjera tid til leiing og fag. TURBO-prosjektet handlar om å skru opp tempoet i forbetringsarbeidet og laga ein meir føreseieleg kvardag for både leiarar og tilsette.

Les meir om prosjektet og kunnskapen vi har fått langt her.