Barn skal ha eit godt «arbeidsmiljø» når dei er i barnehagen, og Miljørettet helsevern fører tilsyn med dette. Hovudoppgåvene våre er: behandla klager frå føresette, godkjenning, tilsyn og rettleiing.
På nettsida til Bergen kommune kan du lesa meir om helsevern i barnehage.
Barn har rett på eit trygt og helsefremmande miljø i barnehagar. Ved bekymringar knytt til dette kan du senda klage til Øygarden kommune.
Kva kan du klaga på?
Du kan klaga på barnehagen sine inne- og uteareal, barnehagen sine rutinar - barna sitt leike- og læringsmiljø. Døme på klage vedkomande dette kan vera:
- Dårleg inneklima, t.d fukt, mugg, dårleg luft
- Dårleg reinhald
- Mykje støy innandørs
- Dårleg sikkerheit, t.d. manglar ved barnehagen sine rutinar, konkrete forhold som kan føra til ulukke eller skade, at det har skjedd ei uønskt hending som førte til, eller kunne ha ført til, helseskade
- Dårlege hygienerutinar eller smittevern
På nettsida til Bergen kommune kan du lesa meir om klage på barnas arbeidsmiljø i barnehage.
Send klage
Lover og forskrifter
Sist endra 14.05.2025 14.05