Barnehagemynde – rettleiing, tilsyn og godkjenning

Kommunen si rolle som lokal barnehagemynde er heimla i barnehagelova med forskrifter. Som lokal barnehagemynde skal kommunen sjå til at barnehagane vert drivne i samsvar med regelverket. Denne rolla vert utøvd gjennom rettleiing, tilsyn og godkjenning av alle barnehagane i kommunen. Ansvaret som barnehagemynde gjeld både for kommunale og private barnehagar. 

Som barnehagemynde kan kommunen gje pålegg om retting av ulovlege eller uforsvarlege forhold ved godkjente eller godkjenningspliktige verksemder. Å sikra at regelverk vert følgt fører med seg både ein aktivitet for å vurdera risiko for brot på barnehagelova med forskrifter, og ei plikt til å bruka verkemidla slik at barnehageeigar sin praksis er i tråd med regelverket. 

Du kan lesa meir om kommunen si rolle som barnehagemynde her:

Krav til likebehandling og upartiskheit

Det er eit krav at kommunen skal organisera oppgåvene som lokal barnehagemynde adskilt frå oppgåvene som barnehageeigar:

«Kommunene skal likebehandle private og kommunale barnehager når den utfører oppgaver som barnehagemyndighet. Kommunen skal organisere oppgavene den har som barnehagemyndighet adskilt fra oppgavene den har som barnehageeier når dette er egnet til å ivareta kommunens upartiskhet som barnehagemyndighet» (Barnehagelova §11).

For å sikra rettstryggleiken til alle barnehageeigarar i Øygarden kommune, er rolla som barnehageeigar skilt frå rolla som barnehagemynde.

I Øygarden kommune er det stab under einingsleiar for HR, forvaltning og kvalitet som utøver rolla som barnehagemynde, og som utfører lokalt tilsyn etter barnehagelova med forskrifter. Målet med å føra tilsyn er å sikra at barna i kommunen får eit barnehagetilbod av god kvalitet og at barnehagane følgjer gjeldande lover og forskrifter. 

Det er barnehageeigar som er ansvarleg for at krav i regelverk vert følgt.

Rettleiing

Som barnehagemynde har kommunen eit ansvar for å, gjennom aktiv rettleiing, sjå til at barnehagane vert drivne i tråd med dei krava som er fastsett i barnehagelova med tilhøyrande forskrifter. Aktiv og god rettleiing er eit viktig verkemiddel for å ha gode barnehagar. Med utgangspunkt i dei opplysningane kommunen får kjennskap til, skal barnehagemynde rettleia barnehageeigar til å følgja regelverket. Gjennom risikovurdering skal ein bestemma kor tid rettleiing er føremålstenleg. Dersom rettleiing ikkje fører til endring, er det naudsynt å bruka tilsyn som verkemiddel. Tilsyn kan óg gjennomførast utan at det først har vore gitt tilbod om rettleiing. 

Tilsyn med barnehagar

Øygarden kommune har utarbeida ein plan for systematisk tilsyn med barnehagane, basert på risikovurdering. Det vert skilt mellom stadlege tilsyn og dokumentbaserte tilsyn. Stadlege tilsyn er som regel varsla på førehand, men kommunen har også høve til å gjennomføra umeldte tilsyn. Umeldte tilsyn vil først og framst verta nytta i høve der det er usikkert om kommunen vil kunna avdekka ulovlege og/eller uforsvarlege forhold ved eit meldt tilsyn.

Det er formelle rutinar for korleis eit tilsyn skal gå føre seg, korleis det skal gjennomførast og korleis kommunen skal gi tilbakemelding etter eit tilsyn. Barnehageeigar får skriftleg melding om tilsyn (sett bort ifrå ved umeldte tilsyn) og vil i etterkant av tilsynet få tilsendt tilsynsrapport og evnt eit skriftleg varsel om pålegg om retting dersom det er funne forhold som må rettast. Eit slikt varsel om pålegg om retting skal alltid ha ein frist for tilbakemelding for barnehageeigar.

Om dei ulike tilsyna

Godkjenning av barnehagar

Det er Øygarden kommune som har hovudansvaret for at barnehagar som vert etablert oppfyller krava i regelverket, og sikrar barna eit likeverdig pedagogisk tilbod av god kvalitet.

Barnehagar skal vera godkjent av kommunen før verksemda kan starta.
Kommunen skal i etableringsfasen sjå til at barnehagelova sine krav vert følgt, og at det blir lagt opp til ei forsvarleg verksemd.

Dersom ein godkjent barnehage gjer endringar av eit visst omfang, må barnehageeigar melde dette til Øygarden kommune som barnehagemynde.

Lov og regelverk

Anna regelverk som er relevant for tilsyn med barnehagar

Har du spørsmål?

Ta kontakt med barnehagemynde
E-post: barnehagemynde@oygarden.kommune.no
Telefon: 56 16 16 45 eller 56 16 16 26