Kreftkoordinator

Når du eller ein av dine næraste har fått ein kreftdiagnose kan kreftkoordinatoren vera til hjelp og støtte.

Kva tilbyr vi?

Kreftkoordinator kan vere tilgjengeleg for kreftpasientar i ulike fasar, og for pårørande, helsepersonell og andre aktuelle. Koordinatoren kan gje råd, vegleiing og samtalar, og vere med å sikre ei trygg og heilskapleg omsorg i heimkommunen. Koordinatoren kan også vere eit bindeledd mellom sjukehuset og kommunen.

I tillegg til Kreftkoordinatoren har kommunen fleire kreftsjukepleiarar tilsett i ulike avdelingar som kan tilby hjelp og støtte.

Vi kan hjelpa deg med:

  • Koordinera og tilretteleggja kvardagen for kreftsjuke og pårørande
  • Er ressursperson for kreftramma og pårørande
  • Gje råd, rettleiing og informasjon
  • Har oversikt over relevante tilbod og tenester
  • Formidlar kontakt med tenester og samarbeidspartnarar
  • Sikrar oppfølging av barn og unge som pårørande
  • Støttesamtalar
  • Bidrar til gode rutinar og system for kreftomsorg i kommunane
  • Vera eit bindeledd mellom deg, fastlege, spesialisthelseteneste og tenestene til kommunen

Kven kan få tilbodet?

Tilbodet er tilgjengeleg for deg som har kreft eller til deg som er pårørande.

Korleis få tilbodet?

Ta kontakt med kreftkoordinatoren på telefon eller e-post.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Aktivitetar

Materiell

Inger Fosse
E-post
Telefon 56 16 15 63
Mobil 90 96 32 66