Når du eller ein av dine næraste har fått ein kreftdiagnose kan kreftkoordinatoren vera til hjelp og støtte.
Kva tilbyr vi?
Kreftkoordinator kan vera tilgjengeleg for kreftpasientar i ulike fasar, og for pårørande, helsepersonell og andre aktuelle. Koordinatoren kan gje råd, rettleiing og samtalar, og vera med å sikra ei trygg og heilskapleg omsorg i heimkommunen. Koordinatoren kan også vera eit bindeledd mellom sjukehuset og kommunen.
I tillegg til kreftkoordinatoren har kommunen fleire kreftsjukepleiarar tilsett i ulike avdelingar som kan tilby hjelp og støtte.
Vi kan hjelpa deg med:
- Koordinera og tilretteleggja kvardagen for kreftsjuke og pårørande
- Er ressursperson for kreftramma og pårørande
- Gje råd, rettleiing og informasjon
- Ha oversikt over relevante tilbod og tenester
- Formidla kontakt med tenester og samarbeidspartnarar
- Sikra oppfølging av barn og unge som pårørande
- Støttesamtalar
- Bidra til gode rutinar og system for kreftomsorg i kommunane
- Vera eit bindeledd mellom deg, fastlege, spesialisthelseteneste og tenestene til kommunen
Kven kan få tilbodet?
Tilbodet er tilgjengeleg for deg som har kreft eller til deg som er pårørande.
Korleis få tilbodet?
Ta kontakt med kreftkoordinatoren på telefon eller e-post.
Kva kostar det?
Tenesta er gratis.
Aktivitetar
Materiell
Sist endra 13.05.2025 13.27