Fysioterapi

Fysioterapitenesta kan førebyggja og behandla skader og sjukdomar som gir smerter og/eller nedsett funksjon i muskel- og skjelettsystemet.

Målgruppe

Innbyggjarar med funksjonsvanskar relatert til bevegelse, muskel og skjelett.

Kva kan du få hjelp til?

Personar som har nedsett funksjonsevne grunna sjukdom eller plager i muskel.- og skjelettsystemet kan ha nytte av å få oppfølging av fysioterapeut. Fysioterapeuten kan bidra med vurdering, behandling og tilrettelegging. Ved behov samarbeider terapeutane med andre tenesteytarar i og utanfor kommunen.

Tilbodet inkluderer kartlegging og undersøking, utifrå kartlegging set vi saman mål og tiltak.

Aktuelle tiltak kan vera:

  • Behandling og trening, individuelt og i gruppe.
  • Råd og rettleiing
  • Hjelpemiddelformidling

Dersom du har behov for å eit hjelpemiddel for å klara å deg i dagleglivet, kan fysioterapeuten søkja om dette til NAV hjelpemiddelsentralen og gje opplæring i bruk. Har du behov for hjelpemiddel for ein kortare periode, kan du låna dette frå korttidslageret i kommunen.

Kriterium og vurdering

Hovudregelen er at du oppsøkjer fysioterapeut som kommunen har driftsavtale med (fysikalsk institutt), dersom du er i stand til det. Det kommunale fysioterapitilbodet er for dei som av helsemessige eller andre årsaker ikkje kan nytta seg av fysioterapi på institutt.

Individuell vurdering etter prioriteringsnøkkel finn du nede i artikkelen.

Kva forventar vi av deg som mottek fysioterapi?

  • Du er delaktig i å setja mål for behandling og følgjer dette opp som avtalt
  • Du gir beskjed viss du er hindra frå å gjennomføra avtalt time
  • Dersom hjelpemiddel er eit tiltak, skal ein først avklara om utstyr frå vanleg handel er
    tilstrekkeleg.
  • Du tar vare på utlånte hjelpemiddel og gjer beskjed viss noko vert øydelagt eller ikkje er i bruk
  • Husdyr blir haldne i eit anna rom eller i band ute når helsepersonell er til stades.
  • Du syter for eit røykfritt arbeidsmiljø når helsepersonell er til stades.

Kva kan du ikkje få hjelp til?

  • Praktisk hjelp i eigen bustad
  • Persontransport
  • Behandling av økonomi og banktenester

Praktiske opplysningar

For pasientar i eit habiliterings- eller rehabiliteringsforløp vert tenesta gitt saman med institusjonar, heimesjukepleie, bustadtilbod, dagtilbod, barnehage, skule, arbeidsplass eller andre relevante samarbeidspartar.

Slik søkjer du

Send skjema til:
Øygarden kommune - Helse, meistring og rehabilitering
Ternholmvegen 2
5337 Rong

Pris

Det er eigenbetaling for fysioterapi. Tenesta er gratis for barn under 16 år, personar med frikort helsetenester og ved godkjend yrkesskade. Vi viser elles til «Forskrift om stønad til dekning av utgifter til fysioterapi» nedanfor.

Andre tilbod

Prioriteringsnøkkel

Fysikalske institutt

Her finn du oversikt over fysikalse institutt med kontaktinformasjon.

Lovgrunnlag

Du kan klaga på vedtaket

Øygarden kommune
Telefon 56 16 00 00


Tasteval:
1. Helse, omsorg og velferd
2. Bustad og sosiale tenester
3. Kart, bygg, veg og eigedom
4. Spørsmål om faktura
5. Andre førespurnader

eDialog
Send e-post på ein sikker måte