Mental Helse Ungdom er ein medlemsbasert interesseorganisasjon for barn og unge opp til 36 år.
Vi jobbar for auka openheit om psykisk helse, førebygging av psykiske plager og eit betre psykisk helsetilbod.
Mental Helse Ungdom ønskjer å vera ei tydeleg stemme som jobbar for at alle skal kunna ha ei best mogleg psykisk helse. Verdiane våre er mot, openheit og likeverd.
Gjennom å etablera plattformer for samarbeid mellom brukarar, pårørande, hjelpeapparat og samfunnet, ønskjer vi å sikra at alle får rettane og moglegheitene sine tatt vare på.
Vi møtest måndagar i partallsveker kl 17-20 på Sartor bowling (Sartorvegen 12). På treffstaden vår kan du til dømes spela brettspel, bowling, shuffleboard eller biljard. Du kan òg teikna, strikka, sy eller berre vera saman med vener om du ønskjer det.
Kontakt oss
E-post: sotra@mhu.no
På nettsida til Mental Helse Ungdom finn du meir informasjon
Sist endra 03.11.2026 13.14