Basecamp Sotra

Basecamp er eit førebyggande tiltak for ungdom mellom 13 og 25 år på Sartor Storsenter i Øygarden kommune.

Målgruppe

Målgruppa er ungdom som oppheld seg mykje på Sartor Storsenter og som ikkje deltar i organisert ungdomsarbeid. Dette er eit rus- og kriminalitetsforebyggende tiltak. Det skal òg vera ein stad der ungdom som opplever psykiske utfordringar kan bli møtt og tatt  på alvor.

Åpent hus

Vi held ope tre dagar i veka der ungdom kan komma innom, ha ein stad å vera, få seg litt mat, spela spel, gjera leksar og ha nokre vaksne å snakka med. Rundt 100 ungdommar er innom «Åpent Hus» i løpet av ei veke. 

Basecamp driv i dag fleire tiltak, t.d.: Ope Hus som er eit «drop in» stad på Sartor Storsenter. 

Basecamp Repro

Basecamp Repro er ein sykkelverkstad og eit redesingverksted kvar ungdom som står utan jobb- eller skuletilbod kan få arbeidspraksis fire dagar i veka på dagtid. 

Medvandrerprosjekt

Medvandrerprosjektet: Eit utad-rettet arbeid med vekentlege besøk på skulane i kommunen og  nærvær og oppsøkande arbeid på Sartor Storsenter.

Ungdommane får òg hjelp til å komma vidare i jobb, praksis eller skule.

På nettsida til Basecamp Sotra finn du meir informasjon