Ivareta

Ivareta er organisasjonen for alle som er rørt av andres rusbruk.

Mange av oss vil oppleva rusproblematikk i familien, blant venner eller kollegaer. Rusproblem er utbreidde geografisk, på tvers av sosiale lag og rammar ofte vilkårleg. Vi arbeider for å skapa større forståing i samfunnet for konsekvensen av rusmisbruk. Og vi er opptatt av å bryta ned mytar og tabu som mange pårørande opplever dagleg. For pårørande kan det vera mykje å forhalda seg til. Kvardagen blir fylt av bekymring og kaos. Det er vanskeleg å leva med den rusavhengiges opp- og nedturar. Eige liv og eigne behov blir sett på vent.

Pårørandetelefonen 800 40 567 er eit anonymt lågterskeltilbod til deg som sit og lurer på noko. Det kan vera vanskeleg å snakka med andre, men det hjelper å dela og vi er her for deg.

På nettsida til Ivareta finn du meir informasjon