Amalie Skrams hus

Uansett kva slags interesser eller behov du har - her vil du finna noko du liker! Om det er å sitja på dataet, spela på musikkrommet, ta eit slag bordtennis, gå på tur eller løfte vekter, halda på med leire, glas, tekstil, tre eller måling på verkstadene eller berre ha det sosialt: Vi har masse å by på. Så ikkje nøl.

Vi på Amalie Skrams hus fokuserer på det sunne og friske - ikkje på sjukdom. Her treng du ikkje å informera nokon om kvifor du kjem, kva du har opplevd, om du har ein diagnose eller ei og kva du eventuelt har erfart innanfor psykiatrien.

Her finn du ingen terapeutar, psykiatrar eller psykologar. Det einaste du må vera samd med deg sjølv i, er at du tilhøyrer målgruppa "menneske som har eller har hatt psykiske helseplager". 

Her startar du med blanke ark og vi forheld oss til ho du er no.

Amalie Skrams hus er eit kreativt hus for menneske som har erfaring med psykiske helseplager.

Huset er til for alle som vil prøva ut eigne kreative ressursar, ha ein aktiv kvardag, søka ny inspirasjon og delta i eit sosialt fellesskap. Ta gjerne kontakt med oss!

Kontakt oss

Telefon: 55 31 10 30
E-post: post@amalieskramshus.no
Adresse: Domkirkegaten 4, 5017 Bergen
Nettside