Målgruppe
Innbyggjarar som er avhengig av bistand for å delta i fritidsaktivitetar og sosialt samvær.
Kva kan du få hjelp til?
Fritidskontakt er personleg bistand til deg, med mål om deltaking og meistring i fritidsaktivitetar. Ein fritidskontakt kan til dømes vera med deg til fritidsaktivitetar og trena deg til å verta meir sjølvstendig og delta i sosiale samanhengar, organisert individuelt eller i grupper.
Kriterium og vurdering
Du kan søkje om fritidskontakt uavhengig av diagnose dersom du grunna funksjonsnedsetting er sosialt isolert og treng hjelp til å få ei aktiv og meiningsfull fritid. Du må vera over 8 år.
Du må vera i behov for personbistand for å kunne delta på fritidsaktivitetar. Behovet for tenesta blir vurdert i samanheng med andre tenester du allereie har tilbod om.
Kommunen vil i dialog med deg som søkjar vurdere behovet for fritidskontakt eller om det eventuelt er andre tenester som passar betre.
Kva forventar vi av deg som mottek fritidskontakt?
- Du tek så langt som mogleg del i å setja mål for tenesta og er aktiv i tida saman med fritidskontakten.
- Du melder frå så tidleg som mogleg om tenesta ikkje skal nyttast til avtalt tidspunkt eller om behov for tenesta endrar seg.
Kva kan du ikkje få hjelp til?
- Oppgåver som ikkje er relatert til aktivitet og fritid.
- Hjelpebehov som vert forventa dekka av foreldre, føresette eller andre familiemedlemmer.
- Norskopplæring til innvandrarar/flyktningar.
- Behov for praktisk bistand og transport.
- Behov for følje til offentlege kontor, samt lege.
Slik søkjer du
I søknadsskjema skriv du kva du søkjer.
Dersom ein annan person sender inn søknad på vegne av deg, må du gje ei fullmakt som må lastast opp som vedlegg til søknaden. Du kan bruka denne malen dersom du er usikker på kva ein fullmakt skal innehalde.
Digitalt søknadsskjema for helse, omsorg og velferdstenester
Papirskjema for helse, omsorg og velferdstenester (PDF, 354 kB)
Send ferdig utfylt og signert skjema til:
Øygarden kommune, Ternholmvegen 2, 5337 Rong
Søknadsfrist
Det er ingen søknadsfrist, søknadane vert behandla fortløpande.
Prisar
Brukar betalar eigne utgifter, som til dømes transport, mat og aktivitetar. Kommunen dekkjer utgifter for fritidskontakt inntil ein viss månadleg sum.
Du kan ha rett til følgjekort, som gjev fritidskontakten din gratis inngang til stader som godtek følgjekort.
Kva skjer vidare?
Dersom du får innvilga fritidskontakt, vil kommunen søkja å finna rett person/aktivitet til behovet ditt.
For fritidskontaktar (støttekontaktar)
Timeliste (PDF, 118 kB)
Lovgrunnlag
Du kan klaga på vedtaket