Tankevirus – for vaksne

Tankevirus er eit meistringskurs for dei som ønskjer å bli meir merksam på eigne tankar. Kurset består av ein populærvitskapleg programserie i tre delar som presenterer negative tankar som ulike tankevirus, som kan bli behandla med psykologiske vitamin. Kurset er utvikla av norske psykologar og forskarar, og er basert på grunnprinsipp frå metakognitiv og kognitiv åtferdsterapi.

Kurset er digitalt, og er ope for alle vaksne i Vestland Fylke. 

Målgruppe

Kurset passar for vaksne i alle alder som ønskjer å bli meir merksam på eigne tankar, og finne nokre knaggar å henga uro og bekymringar på. 
Kurset er ikkje eit terapikurs for å meistra at du er nedstemd eller deprimert. Det er heller ikkje eit forum for å omarbeida sorg eller tunge emosjonelle belastningar. 
Det kan likevel styrka deg i møte med slike belastninga - og verka førebyggande.

Innhald

Kurset består av ein populærvitskapleg programserie i tre deler, og verktøy og øvingar som gir deg trening i å bruka kunnskapen frå programserien i eige liv.

  1. Det psykologiske immunforsvaret presenterer grunnleggjande psykologisk kunnskap om merksemd og tankar.
  2. Tankevirus går gjennom fem ulike tankevirus ved hjelp av morosame og gjenkjennelege eksempel. 
  3. Psykologiske vitamin tek deg steg for steg gjennom korleis du kan gå fram for å få bukt med tankevirus.

Kurshaldar er synleg med kamera. Deltakarar kan vere anonym, og deltek utan kamera og lyd. Kommunikasjon skjer i chat kor ein svarar på oppgåver i etterkant av videoframvising.

Her kan du lesa meir om Tankevirus

Omfang/kursdatoar

Kurset har 3 samlingar på 1,5 timar. Kurset våren 2024 startar opp tysdag 5. mars 2024 kl. 18.00 - 19.30.

Sjå meir informasjon om samlingane i kurskalenderen. Ta kontakt med oss om du ikkje finn informasjon om neste planlagde kurs.

Pris

Kurset er gratis! Men deltaking krev påmelding og stadfesta plass på kurset. 

Påmelding

Meld deg på her

Frist for påmelding er 28.02.24, 1 veke før kursstart (med atterhald om fullteikna kurs før fristen). 

Etter påmeldingsfrist vil alle på lista bli kontakta av kurshaldar på e-post for stadfesting av plass, og meir informasjon før kursstart. 

Arrangør

Kurset er eit tilbod i samarbeid med Frisklivssentralen i Bergen kommune.