Tankevirus – for ungdom i VGS alder

Er sjølvtilliten frynsete og bekymringane hyppige? Har du lyst til å lære nokre teknikkar for å få det betre? Då kan du melde deg på Tankevirus-kurs. 

Tankevirus er eit meistringskurs for dei som ønskjer å bli meir merksam på eigne tankar. Kurset består av ein populærvitskapleg programserie i tre delar som presenterer negative tankar som ulike tankevirus, som kan bli behandla med psykologiske vitamin. Kurset er utvikla av norske psykologar og forskarar, og er basert på grunnprinsipp frå metakognitiv og kognitiv åtferdsterapi.

Kurset er digitalt, og er ope for alle ungdommar i VGS alder i Vestland fylke. 

Målgruppe

Kurset er forbeholdt ungdom i vidaregåande skule i Vestland Fylke, entan det er lærlingar, elevar eller ungdom under Oppfølgingstenesta. Kurset vil vere tilpassa desse deltakarane.

Kurset er aktuelt for alle ungdom som ønskjer å bli meir merksam på eigne tankar, og som ønskjer å få verktøy til å handtere tankar, uro og bekymringar for å få det betre.

«Alle burde få anledning til å ta eit sånt kurs!» skreiv ein av dei tidlegare deltakarane i Vestland. 

Innhald

Kurset består av ein populærvitskapleg programserie i tre deler, og verktøy og øvingar som gir deg trening i å bruka kunnskapen frå programserien i eige liv.

  1. Det psykologiske immunforsvaret presenterer grunnleggjande psykologisk kunnskap om merksemd og tankar.
  2. Tankevirus går gjennom fem ulike tankevirus ved hjelp av morosame og gjenkjennelege eksempel. 
  3. Psykologiske vitamin tek deg steg for steg gjennom korleis du kan gå fram for å få bukt med tankevirus.

Kurshaldar er synleg med kamera. Deltakarar deltek utan kamera og lyd. Kommunikasjon med instruktørar skjer via chat, og deltakarane er anonyme. 

For meir informasjon om Tankevirus kan du sjå nettsida tankevirus.no eller denne nettsida på NRK.

Tankevirus har òg ein app som kan hjelpe deg med å handtere ubehagelege tankar. På regjeringen.no finn du informasjon om anbefaling av appen Tankevirus, og andre kvalitetssikrede apper frå Helsedirektoratet. 7 av 10 brukarar av appen i 2022 rapporterer om betring.

Omfang / kursdatoar

Kurset har 3 samlingar på 1,5 timar. Kurset våren 2024 startar opp torsdag 7. mars 2024 kl. 18.00 - 19.30.

Kurset er nettbasert. Lenke vert sendt ut til påmeldte i forkant av kurset. 

Sjå meir informasjon om samlingane i kurskalenderen. Ta kontakt med oss om du ikkje finn informasjon om neste planlagde kurs.

Pris

Kurset er gratis! Men deltaking krev påmelding og stadfesta plass på kurset. 

Påmelding

Meld deg på her

Frist for påmelding er 03.03.24. 

Etter påmeldingsfrist vil alle på lista bli kontakta av kurshaldar på e-post for stadfesting av plass og meir informasjon før kursstart. 

Kontakt

Dersom du har spørsmål kan du kontakte Ingunn Wik Djønne på e-post ingunn.djonne@vlfk.no eller telefon 934 58 496.

Arrangør

Kurset er eit tilbod i samarbeid med Frisklivssentralen i Bergen kommune og Vestland fylkeskommune.