Livsstilskurs - For gode vanar

Gode vanar kan gi god helse! Livsstilskurset er for personar over 18 år som har, eller står i fare for å utvikle diabetes 2, hjarte- og karsjukdom og overvekt/fedme. Kurset har som mål å leggje til rette for betre kosthald, auka fysisk aktivitet og vere meir til stades i eige liv. Du må sjå nytte av å dele erfaringar og lære av andre. Pårørande kan og delta.

Målgruppe

Kurset er for deg som ønskjer:

  • Motivasjon til å gjera endringar
  • Å blir meir medviten eige kosthald og aktivitetsvanar
  • Oppdage og utvikle tru på eigen endring
  • Finne val som passer for deg
  • Å treffe andre som har gjort endringar for betre helse og høyre deira erfaringar
  • Gjere endringar saman med andre

Innhald

Tema for samlingane er:

  • Å bestemme seg for endring
  • Smart mat for god helse
  • Tankens kraft
  • Oppmerksam og tilstade i eige liv
  • «Fordi det er eit feitt»
  • Vegen vidare med nye vanar

Det er tilbod om trening to gangar i veka frå kursstart og i seks månader for dei som ønskjer det. Det er kondisjonstrening ute i idrettsparken ved Sotra Arena, og styrketrening inne i sal (Sotra Arena). Éin gong i månaden går vi på ulike turar i staden for kondisjonstreninga.

Omfang/kursdatoar

Kurset blir heldt to gonger i året med oppstart på hausten og på våren.

Sjå meir informasjon om samlingane i kurskalenderen. Ta kontakt med oss om du ikkje finn informasjon om neste planlagte kurs.

Pris

Kurset kostar kr 600 som dekker lunsj, kursmateriell og deltaking på trening to gangar i veka i seks månader.

Påmelding

Du kan melde deg på direkte til Friskliv og Meistring på e-post Frisklivogmeistring@oygarden.kommune.no eller på telefon 55 09 68 50.
Ikkje oppgi sensitiv informasjon på e-post. 

Din fastlege kan også tilvise til oss ved å fylle ut Frisklivsresept.

Du blir kontakta for ei helsesamtale i forkant av kurset. Dersom vi ser at du har behov for eit anna tenestetilbod, gjev vi deg nødvendig informasjon.

Arrangør

Friskliv og meistring.

Kurskalender

Kurs- og aktivitetskalender

Friskliv og meistring
E-post
Telefon 55 09 68 50

Adresse

Blombakkane 77,
5354 Straume