FFP - For Fangers Pårørende - Landsdekkande rådgivning

For Fangers Pårørende (FFP) er ein organisasjon for pårørande til nokon som sit i varetekt, fengsel eller som gjennomfører straff i samfunn. FFP vart etablert i 1992. Organisasjonen heitte Foreningen for Fangers Pårørende (FFP) frå oppstarten og fram til 2012, då namnet vart skifta til For Fangers Pårørende (FFP).

FFP har god kunnskap om kriminalomsorga, fengslar, lovar og reglar, og om rettar og moglegheiter for pårørande.

FFP har dagleg kontakt med pårørande, og alle tilsette i FFP er fagpersoner.

FFP får driftsstøtte frå Justisdepartementet, og er elles finansiert av prosjektmiddel frå ulike departement og direktorat, fond og legat. FFP har hovudkontor i Oslo og ei lokal avdeling i Trøndelag.

På nettsida til For Fangers Pårørende finn du meir informasjon