Aktuell informasjon

Småoppdrag+

Treng du hjelp til små praktiske oppgåver i hus og hage? Foreninga Småoppdrag+ legg til rette for at du kan få hjelp av pålitelige pensjonistar og ungdom (18-25 år) på ein trygg måte til overkommeleg pris.

Kven kan kjøpa småoppdrag?

Primært eldre eller andre med funksjonssvikt som treng hjelp til praktiske småoppgåver heime.

Kva oppåver kan du få hjelp til?

Du spør om hjelp til det som er viktig for deg!
Oppgåvene må likevel ikkje vera av slik art at dei krev autorisert personell for å kunna utførast!

Korleis kan du få hjelp?

  1. Over finn du namn, kontaktinformasjon og kva oppgåver dei ulike tilbyr. 
  2. Ta direkte kontakt på e-post eller telefon med den som tilbyr det du ønskjer og avtal tid.
  3. Ved første oppdrag må skjema «avtale om Småoppdrag+ i heimen» underskrivast av begge partar. Tilbydar har denne avtalen med seg og den må signerast av partane også etter utført oppdrag.
  4. Du betaler og signerer etter utført oppdrag. Du bind deg ikkje til vidare oppdrag, utan at det er inngått ny avtale.

Pris

Minstepris er 1 time arbeid. Timepris ungdom kr 200. Timepris pensjonist kr 250.

Eksempel på oppgåver du kan få hjelp til

Har du spørsmål om Småoppdrag+?

Kontakt Aksjonssenter
Telefon: 55 09 70 00

Leiar for Småoppdrag+ Sigurd Hope
Telefon: 901 61 524 | E-post: sigurd.hope@gmail.com

Følg Småoppdrag+ på Facebook

Brosjyre

Brosjyre for Småoppdrag+ (utskrift) (PDF, 3 MB)