Ny i Norge

Kva fritidsaktivitetar ønskjer du å delta på?

Ill.foto. Frå språkkafé - Klikk for stort bileteIll.foto. Frå språkkafé


Det er mange aktivitetstilbod i Øygarden for både barn, unge og vaksne. Vi ønskjer å få kunnskap om kva aktivitetar du som innvandrar/ny i kommunen kan tenkja deg å delta på. Det er frivillig å delta i undersøkinga.

I elektronisk svarskjema er det nokre få spørsmål om kva aktivitetar du/de har vore med på før og kva du og eventuelt andre i familien ønskjer å delta i her i kommunen vår. Det er ikkje nødvendig å svara på alle spørsmåla.

Dersom du ønskjer å få tilbakemelding på svara, ber vi om at du skriv inn namn og e-postadresse/telefon. Vi vil berre bruka opplysingane til formåla for undersøkinga. Vi behandlar opplysingane konfidensielt og i samsvar med personvernregelverket. Ikkje skriv sensitive opplysningar i fritekstfelta. Les meir utfyllande informasjon i lenkja nedanfor før du svarar på spørsmåla.

Her kan du lesa og svara på undersøkinga på norsk.

Her kan du lesa og svara på undersøkinga på ukrainsk.

Her kan du lesa og svara på undersøkinga på engelsk.

Du kan svara på ukrainsk, men svar gjerne på norsk eller engelsk. Frist for å senda inn svar er 2. januar.