Har du rett til barnetrygd?

Også flyktningar har rett til å få barnetrygd dersom dei oppfyller krava til styresmaktene knytt til opphald i landet.
- Ettersom mange av flyktningane frå Ukraina no har vore i Noreg i minst eitt år, er det mogleg å søkja om barnetrygd, seier prosjektleiar for flyktningmottak, Monica Pedersen.

Illustrasjonsfoto - Klikk for stort bileteIll.foto Mostphotos

Kven har rett på barnetrygd?

I Noreg har vi ei ordning der det vert utbetalt eit beløp kvar månad til dei som har barn under 18 år. For å få barnetrygd, må barnet og den barnet bur saman med, ha opphalde seg i Noreg i minst enn eitt år.

Asylsøkjarar vert tidlegast rekna som busett i Noreg frå den månaden dei får innvilga opphaldsløyve. Dersom dei har fått innvilga kollektivt vern i 12 månader, fyller dei som hovudregel ikkje kravet om å opphalda seg i Noreg i meir enn 12 månader. Men dersom opphaldsløyvet seinare vert forlenga, kan dei ha rett til barnetrygd. NAV vurderer då retten til barnetrygd frå månaden etter at dei fekk forlenga opphaldsløyve.

- Ettersom fleire frå Ukraina no har vore i kommunen vår i meir enn 12 månader, kan dei søkja om å få rett til barnetrygd dersom dei har barn under 18 år. Dersom søknaden vert innvilga, vil dei få barnetrygd frå det tidspunktet dei har passert 12 månader i landet, seier Monica Pedersen.

Barnetrygd er ei statleg yting, og det er viktig at alle som har rett til denne ytinga, vert kjend med ordninga og sender inn søknad.

Her finn du meir informasjon om barnetrygd og skjema for søknad.

Informasjon til dei som er berørt av krigen i Ukraina