Endringar om innkvartering og heimreise for flyktningar frå Ukraina

Frå 1. januar må flyktningar frå Ukraina som ønskjer innkvartering, registrera søknad om vern på Nasjonalt tilkomstsenter. Frå 12. desember vart det også innført endringar i regelverket for heimreise til Ukraina. Dette melder Utlendingsdirektoratet (UDI).

Illustrasjonsfoto - Klikk for stort bileteIll.foto

Registrering av søknad

Frå 1. januar 2024 vert det innført endringar i reglane om innkvartering. Flyktningar som kjem til Noreg og ønskjer innkvartering i asylmottak, registrera søknaden sin om vern på Nasjonalt tilkomstsenter som held til i Råde kommune. 

Dei må reisa dit sjølv og betala for reisa. Det er berre dei som har ein stad å bu i privat regi som kan registera søknad om kollektiv vern ved desentraliserte registreringsstader hjå politiet. Les meir om endringane på nettsida til regjeringa.

Her er informasjon på ukrainsk (PDF, 110 kB) og her kan du lesa informasjonen på russisk (PDF, 120 kB).

Heimreise til Ukraina

Dersom det er gjeve vern i Noreg, kan ein mista opphaldsløyvet dersom ein reiser tilbake til landet ein flykta frå. Ukrainarar som har fått mellombels kollektivt vern har hatt unnatak frå denne regelen. Frå 12. desember er dette unnataket teke vekk. 

Det betyr at dei ikkje kan reisa fram og tilbake mellom Noreg og Ukraina utan at det kan få konsekvensar for opphaldsløyvet. UDI gjer merksam på at ukrainarar som bur i mottak ikkje vil få permisjon for å reisa til Ukraina. Les meir om desse endringane på nettsida til regjeringa.

Her er informasjon på ukrainsk (PDF, 93 kB)og her kan du lesa informasjonen på russisk (PDF, 95 kB).


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Pixabay