Ber om hjelp til å identifisera moglege vitne til krigsbrotsverk

Kripos ved seksjon for internasjonale forbrytelser (SIF) har sett i verk etterforskning av krigsforbrytelser i Ukraina.

 

Sjølvregistrering av vitneobservasjonar

Ein vesentleg del i den norske etterforskinga vil vera å innhenta forklaringar om moglege krigsbrotsverk frå flyktningar som har kome frå Ukraina til Noreg. Kripos har difor etablert eit prosjekt for å registrera vitne via sjølvregistrering.

Tilgang til registreringa får ein ved å skanna ein QR-kode, eller ved å logga inn på nettsida til politiet: https://tips.politiet.no/ukraina

I begge tilfella vil ein få tilgang til ein eigen portal på tipsløysinga til politiet som gjeld krigsbrotsverk i Ukraina på norsk, engelsk, ukrainsk og russisk. Den enkelte kan sjølv registrere opplysningane sine etter å ha identifisert seg ved DUF-nummer.

Sjå brosjyre her. (PDF, 282 kB)

Her kan du lesa meir. (PDF, 75 kB)