Startlån til utbetring/tilpassing av bustad

Har du behov for utbetring eller tilpassing av bustaden din slik at du kan bli buande heime? Då kan du søka om finansiering til dette via startlån i Øygarden kommune. Det er ein føresetnad at du ikkje får lån i ordinær bank.

Kva kan du søkja om?

Å tilpassa ein bustad inneber å gjera den eigna slik at du kan halda fram med å bu i bustaden, også dersom du eller eit heimebuande barn har nedsett funksjonsevne. Det blir gitt startlån berre til nødvendig utbetring av bustaden, ikkje til oppussing, eller normalt vedlikehald. 

Tilpassinga må vera hensiktsmessig og behovet for lånet blir vurdert i sin heilskap ut frå den økonomiske situasjonen for husstanden. 

Eksempel på kva du kan få startlån til:

  • Betre tilkomst til bustaden 
  • Tilpasse bad
  • Fjerne tersklar
  • Andre endringar som er nødvendig for å kunna bli buande i bustaden

Kven kan søka?

  • Menneske med funksjonsnedsettingar/foreldre til barn med funksjonsnedsettingar
  • Eldre som ønsker å utføre førebyggande tilpassingstiltak for å kunna bli buande heime
  • Ektefelle, sambuarar og registrerte partnarar skal søka saman. Ein kan ikkje søka saman med venner eller andre familiemedlemmer

Korleis søkar du?

Elektronisk ID

Har du BankID, Buypass eller Commfides? Då søkjer du enkelt ved å følge lenka under. Har du spørsmål undervegs kan du kontakta oss per telefon for hjelp. 

Søknadsskjema

Har du ikkje elektronisk ID må du kontakta kommunen for tilrettelagt søknad. Du treng då anten verge eller ein medhjelpar til å fylla ut søknad på dine vegner.

Øygarden kommune
Telefon 56 16 00 00