Krig: Kva skal vi seia til barna?

Det er krig i Ukraina. Dette opptek vaksne som barn. Erfaringa med tidlegare krigar er at ein del barn opplever sterk frykt for at krigen også skal ramma oss.

Professor emeritus Atle Dyregrov og psykologspesialist Magne Raundalen har skrive om dette i ein artikkel på nettsida til "Klinikk for krisepsykologi". Dei skriv at reaksjonane hjå barna kan vera frykt, redsle, uro, søvnproblem, aktive tankar om konflikten og at dei vert triste og irriterte. Andre klarer seg godt utan at vaksne skal hjelpa til. 

nettsida til Utdanningsdirektoratet finn du døme på kompetansemål i læreplanane, som kan vera utgangspunkt for å ta opp tema knytt til krigen i Ukraina. 

Barnehage og skule

Korleis skal barnehagar og skular ta imot barn som har flykta frå krigen i Ukraina? Og korleis påverkar denne krigen andre barn i norske barnehagar og skular?

På nettsida til Udir finn du meir informasjon