Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Her finn du alt om koronaviruset i Øygarden kommune

Tolketenester

Dersom du har manglande norskkunnskapar, har du krav på tolk i møte med kommunale tenester. Det er tenestestaden som tingar og betalar tolken. Du kan ikkje sjølv tinga tolk.

Tolking går føre seg på telefon, eller ved at tolken møter opp personleg til samtalen.

Tolken har teieplikt og skal vera kvalifisert.