Introduksjonsprogram

Som ny flyktning i Øygarden kommune kan du ha rett og plikt til å delta i eit introduksjonsprogram dersom du er mellom 18 og 55 år.

Meir informasjon om introduksjonsprogrammet finn du på heimesida til regjeringa

I somme tilfelle vil også familiesameinte ha rett og plikt til å delta i introduksjonsprogram. 

Mål med introduksjonsprogrammet

  • opplæring i norsk og samfunnskunnskap
  • tiltak som førebur til vidare opplæring eller jobb
  • økonomisk uavhengigheit
  • kurs i livsmeistring
  • foreldrerettleiing 
  • styrkje moglegheita for ein varig plass i arbeidslivet
  • Programmet byggjer på arbeidslivets reglar for arbeidstid, og skal vere heilårleg og på fulltid

Stønad under introduksjonsprogrammet

  • Deltaking i programmet gjev rett til introduksjonsstønad
  • Stønaden utgjer to gonger grunnbeløpet til folketrygda på årsbasis
  • Deltakarar under 25 år under integreringslova som bur med foreldre mottek 1/3 stønad
  • Deltakarar under 25 år under integreringslova som bur utan foreldre mottek 2/3 stønad
  • Stønaden er skattepliktig

Kan arbeidsplassen din opna dørene til arbeidslivet for ein flyktning?