Barnehagelova §2 tredje ledd stiller krav til at barnehagen skal tilpasse tilbodet blant anna ut ifrå barnet sitt funksjonsnivå. Det betyr at barnehageeigar har eit sjølvstendig ansvar for å sjå til at også barn med nedsett funksjonsevne får eit barnehagetilbod i tråd med lova. Barnehageeigar sitt ansvar er likevel avgrensa til kva barnehagen kan gjere innanfor dei ordinære rammene.
Tilretteleggingsplikta til kommunen må avgrensast mot plikta og ansvaret til barnehagen for tilrettelegging innanfor det ordinære barnehagetilbodet. Ut i frå barnehagelova §§ 1 og 2, saman med rammeplanen, er det barnehageeigars ansvar å gi individuell tilrettelegging og den strekken seg langt. Barnehagelova §§ 1 og 2, supplert med rammeplanen, er generelle anordningar som angir kva barnehagetilbodet til alle barn skal innehalde.
Det er grunntanken til barnehagen at innhaldet til barnehagen skal tilpassast gruppa og enkeltbarnet sine behov. Barnehagen skal gi kvart barn utfordringar med utgangspunkt i barnet sitt funksjonsnivå, ressursar og føresetnadar. Innhald og progresjon må planleggast etter dette.
Inkludering i barnehagen handlar også om tilrettelegging for sosial deltaking. Innhaldet i barnehagen må formidlast på ein måte som gjer at ulike barn kan delta ut frå eigne behov og føresetnader. Den viktigaste sosialiseringsarenaen til barnehagen er leiken. For nokre barn kan tidleg innsats innebere at personalet arbeider særleg målretta og systematisk - over kortare eller lengre periodar - med å inkludere barnet i meiningsfulle fellesskap».
Tilrettelegginga skal bidra til at barnet skal kunne nyttiggjere seg av barnehagetilbodet og få likeverdige aktivitets- og utviklingsmoglegheiter som andre barn. Dersom barnet ikkje kan få tilstrekkeleg tilrettelegging innanfor det ordinære barnehagetilbodet, er det kommunen som er ansvarleg for å leggje til rette barnehagetilbodet.