Overgang barnehage - skule

Gode prosedyrar for overgangen mellom barnehage til barneskulen er viktig for å skape tryggleik og ein god skulestart for elevane. Øygarden kommune vil ha gode system og rutinar som tar vare på språket til barna, lese- og skriveutviklinga i overgangen frå barnehage til skule.

I opplæringslovas § 13-5 og i barnehagelovas  § 2 a kom det i juni 2018 inn ei endring som slår fast ei gjensidig plikt for barnehage- og skuleeigarar om å samarbeide for å skape kontinuitet for barna i overgangen.

Faste møtepunkt, erfarings- og informasjonsutveksling  for pedagogar og leiarar i barnehagar og skular er viktig å sikre ein betre samanheng og kontinuitet i overgangen frå barnehage til skule.

Barn og elevar skal sikrast ein god overgang mellom barnehage til barneskule.

Skjema

Skjemaet er eit standardskjema som skal brukast for alle barn, både på overføringsmøte for elevar med særskilde behov (Opplæringslova § 5.1-elevar, § 2.8-elevar, andre elevar med særskilde tilretteleggingsbehov) og ordinære overføringsmøter.

Det er viktig at elevskjemaet er ferdig utfylt til overføringsmøta, slik at vi kan bruke møtetida til å gjennomgå informasjonen. Skjemaet bidreg til å sikre at viktig informasjon blir ført vidare frå barnehagen til barnetrinnet. Ansvarlege i barnehagen vurderer kor mykje informasjon som er naudsynt å notere om kvart barn.

Skjema overgang mellom barnehage-skule (PDF, 697 kB)

Kven har ansvar for å kalle inn til overføringsmøta for elevar med særskilde behov?

  • Barnehagen, fordi dei har kjennskap til kva barn som har særskilde behov.

Kven har ansvar for å kalle inn til ordinære overføringsmøte?

  • Barneskulen finn aktuelle datoar og sendar desse til barnehagane.

Samtykkeskjema må fyllast ut av føresette. Barnehagane har ansvar for at dette blir gjort.

Samtykkeskjema (PDF, 78 kB)

Årshjul

Årshjulet gir oversikt over ulike tiltak i overføringsprosessen, seier noko om kven som har ansvar for gjennomføringa og til kva tid tiltaka skal gjennomførast. Årshjulet startar i august året før barnet startar på skulen.