Nettverk/opplæring

Barnehagane i Øygarden kommune skal tilby eit godt språkmiljø for alle barn.  Tidleg og god språkstimulering er ein viktig del av innhaldet i barnehagen.  Og personalet treng ei brei og allsidig språkkompetanse for å imøtekome barn sine ulike behov for språkstimulering. 

Det er laga strategiske planar for dette arbeidet, som ligg under språkkommunen Øygarden.

I dette arbeidet vil dei nasjonale språkløypepakkane frå Udir vere sentralt. Språkløyper er ein nasjonal strategi som skal styrke barn sitt språk, lesing og skriving. Særleg innsats skal rettast mot barn og elevar med språkvanskar, elevar med lese- og skrivevanskar, gutar, minoritetsspråklege og høgt presterande elevar.