Helsevern i barnehage

Barn skal ha eit godt «arbeidsmiljø» når dei er i barnehagen, og Miljørettet helsevern fører tilsyn med dette. Hovudoppgåvene våre er: behandla klager frå føresette, godkjenning, tilsyn og rettleiing.

På nettsida til Bergen kommune kan du lesa meir om helsevern i barnehage.

Barn har rett på eit trygt og helsefremmande miljø i barnehagar. Ved bekymringar knytt til dette kan du senda klage til Øygarden kommune.

Kva kan du klaga på?

Dersom det er forhold ved barnehagen du meiner ikkje er helsemessig tilfredsstillande etter krava i forskrifta skal du fyrst ta kontakt med barnehagen. Har ikkje barnehagen følgt opp førespurnaden innan rimeleg tid, kan du sende inn ein klage i klageskjemaet under. 

Du kan klaga på barnehagen sine inne- og uteareal, barnehagen sine rutinar - barna sitt leike- og læringsmiljø. Døme på klage vedkomande dette kan vera:

  • Dårleg inneklima, t.d fukt, mugg, dårleg luft
  • Dårleg reinhald
  • Mykje støy innandørs
  • Dårleg sikkerheit, t.d. manglar ved barnehagen sine rutinar, konkrete forhold som kan føra til ulukke eller skade, at det har skjedd ei uønskt hending som førte til, eller kunne ha ført til, helseskade
  • Dårlege hygienerutinar eller smittevern

På nettsida til Bergen kommune kan du lesa meir om klage på barnas arbeidsmiljø i barnehage.

Send klage

Helseverngodkjenning av barnehagar og skular

Visste du at alle barnehagar og skular i kommunen må vere godkjende etter reglane for miljøretta helsevern? Du kan lese meir om krava her på nettsida til Bergen kommune

På nettsida til Helsedirektoratet kan du lesa rettleiaren til forskrifta.

Formålet med godkjenninga er å sikre at barna har eit trygt og godt miljø der dei kan trivast, leike og lære. Det skal også førebyggje sjukdom, skadar og alvorlege hendingar.

Kva betyr dette for deg som forelder?

  • Miljørettet helsevern sjekkar på vegne av kommuneoverlegen at barnehagar og skular følgjer reglane i forskrifta.
  • Miljøet skal vere helsefremjande og trygt – både inne og ute.
  • Det blir teke omsyn til barnas behov når nye bygg blir planlagde, eller når det skjer endringar i drifta.
  • Kommunen gir råd og rettleiing til barnehagar og skular både før og etter godkjenning.

Dette arbeidet er ein viktig del av å ta vare på barna våre – kvar dag.

Lover og forskrifter