Er du ikkje nøgd med tilbodet i barnehagen?

Kort forklart

Slik klager du:

  1. Ta først forholdet direkte opp med leiinga i barnehagen. Dette kan være pedagogisk leiar eller styrar.
  2. Gjeld det generelle forhold kan du også ta det opp med barnehagen  sitt samarbeidsutval.
  3. Ønskjer du å gå vidare med din klage eller bekymring, kan du ta kontakt med Øygarden kommune.

Om du ikkje er nøgd med tilbodet må du først ta dette opp med pedagogisk leiar og/eller styrar i barnehagen. Det er leiinga i barnehagen som er ansvarleg for barnehagetilbodet, og som skal samarbeide med alle foreldre/føresette.

Generelle forhold kan du ta opp med barnehagen sitt samarbeidsutval (SU). Alle barnehagar skal ha eit samarbeidsutval, beståande av representantar frå foreldre og tilsette i barnehagen, og evnt barnehageeigar.

Døme på tema som kan være bakgrunn for klage:

  • Manglande pedagogisk innhald
  • Vanskeleg samarbeid med barnehagen
  • Stor utskifting av personale over tid

Dersom saka ikkje vert løyst i barnehagen, kan forhold som er regulert av barnehagelova rettast til kommunen si barnehagemynde. Det er barnehagemynda som skal sjå til barnehagane følgjer barnehagelova med forskrifter.

 Innhaldet i klagen vert formidla til barnehagen når barnehagemynda undersøker saka.

Klageskjema

Kva skjer med klagen?

Når barnehagemynde mottek klage/bekymring, vert det først vurdert om innhaldet er omfatta av barnehagelova med forskrifter. Saksgang følger Forvaltningslova sine prinsipp.

Er det slik at klagen inneheld taushetsbelagte opplynsningar, vil saka verta unnateke offentlegheita. Dette hindrer ikkje at saka kan komme i media, men all sensitiv informasjon vert fjerna. Vurderer barnehagemynde å føre tilsyn, har barnehagen som part i saka rett til å bli gjort kjent med innhald i klage. Etter tilsynet mottar barnehagen ein rapport. Dersom det er avdekka brot på barnehagelova og forskrifter, vil barnehagen få varsel om pålegg om retting. Du som klager vert orientert om utfallet av saka. 

Opplever du at klagen ikkje vert møtt av barnehagemynda i kommunen er det Statsforvaltaren i Vestland som er siste klageinstans.