Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna.
Opningstid kl. 08.00 til 15.00 alle dagar (mån-sun).
Her finn du oppdatert informasjon, råd og tiltak om koronaviruset i Øygarden kommune

Barn med spesielle behov 0-6 år

Dersom barnet ditt har spesielle utfordringar, kan han eller ho ha behov for ekstra oppfølging. Dei kan ha rett til spesialpedagogisk hjelp. Retten til spesialpedagogisk hjelp gjeld om barnet går i barnehage eller ikkje. 

Slik går du fram

Ta kontakt med PPT gjennom Innbyggjartorget for vidare hjelp. Du kan også kontakta barnehage eller skule.

Tilvisning om spesialpedagogisk hjelp skal fyllast ut i samarbeid med barnehage, skule eller helsestasjon. 

PPT gjer ei vurdering av behovet til barnet for spesialpedagogisk hjelp, og gjer deretter råd om kva slags tilbod som bør gjevast.

Vedtak vert fatta av Pedagogisk fagteam. Når barnet ditt har fått vedtak om spesialpedagogisk hjelp, er det Pedagogisk fagteam som utfører hjelpa i barnehagen eller i heimen. 

Pris

Spesialpedagogisk hjelp er gratis. 

Korleis få hjelp

Spesialpedagogisk hjelp til barn i førskulealder

Klage

Du har rett til å klaga om du meiner noko i vedtaket er feil. Klagefristen er 3 veker frå melding om vedtak er sendt. Klagen skal vera skriftleg og grunngjeven. Han skal sendast til Øygarden kommune, Postboks 184, 5342 Straume. Dersom vedtaket står ved lag, kan føresette senda klagen vidare til Fylkesmannen for endeleg avgjerd.