Ungdomstenesta

Ungdomstenesta er ei tverrfagleg teneste som arbeider for å gje unge som har det vanskeleg tidleg og rett hjelp. Det er eit gratis lavterskel tilbod. 

Kven kan få tilbodet?

  • Ungdomstenesta er ei tverrfagleg teneste med tilsette frå rus og psykisk helse, barne, ungdom og familietenesta, NAV og barnevern.
  • Tenesta arbeider saman for å gje unge som treng det tidleg og rett hjelp.
  • Alle kan ta kontakt med Ungdomstenesta.
  • Vår målgruppe er barn og unge i alderen 12 – 23 år.
  • Vi kan hjelpe unge som kvir seg for eller ikkje klarar å gå på skule.
  • Unge som slit med psykiske vanskar, har eit problem knytt til rusmidlar, eller som ønskjer hjelp til å kome i arbeid.
  • Uansett kva det måtte vere så kan du som ungdom, føresette eller andre ta kontakt for rettleiing og vurdering av kva Ungdomstenesta kan hjelpe med.

Kva kan du få hjelp til?

  • Skulvegring
  • Om du slit psykisk
  • Hjelp til å kome i arbeid
  • Problemer heime
  • Rusproblem
  • Spiseforstyrringar
  • Å komme i kontakt med andre instansar eller tenester

Slik søkjer du

For å drøfte ei sak hos Ungdomstenesta må du ha samtykke frå den det gjeld og evtentuelt føresette. Du kan vurdere å drøfte saka anonymt.

Søknadsskjema Ungdomstenesta (DOCX, 111 kB)

Utfylt og signert skjema skal sendast til:
Øygarden kommune
Ternhomvegen 2
5337 Rong

Prisar

Tenesta er gratis.

Kva skjer videre?

Ungdomstenesta tek opp nye saker på teammøte kvar tysdag, drøfter saka og den som skal følgje saka vidare tek kontakt.

Lovar og reglar

Ungdomstenesta
Telefon 56 16 15 50


Telefontid
Måndag til fredag kl. 08.00-15.30
Telefonen er stengt i helgar og feriar.