Landsbymodellen

«It takes a village to raise a child».

Landsbylogoen - "It takes a village to raise a child" - Klikk for stort bilete

Om landsbymodellen

“Landsbymodellen” er utvikla i Øygarden kommune av fagutviklarane Anette Rakli Børnes og Lita Havnevik Erstad. Utviklingsarbeidet har skjedd i nært samarbeid med omsorgsteam i Barneverntjenesten og landsbyveiledarteamet i Familie og rettleiingssenteret. Hovudmålet med landsbymodellen var å organisere fosterbarnsomsorga slik at barnet tydelegare vart plassert i sentrum.

Vi trong å forstå barnet meir heilskapleg i relasjon til alle viktige personar i barnet sitt liv. Som logoen viser, er dei viktige personane for barnet illustrerte med ulike hus. Hendene i logoen illustrerer at barnet skal bærast av landsbyen sin.

Barnets behov i sentrum

Landsbyen er eit systemisk konsept som har barnet i sentrum, samtidig som ho rommar heilskapen. Landsbyen er summen av alle husa og relasjonane på kryss og tvers. Relasjonar med styrkar og relasjonar med sår. Ho inkluderer mønster og samanhengar og synleggjer at alt heng saman.

Samtalar som fokuserer på relasjonane, vert vurderte som eit svært viktig og nyttig bidrag for å styrke landsbyen som ein betydningsfull hjelpearena. Samtalen kan på den måten bidra til å skape nye forståingar, oppleving av meining og moglegheit for endring.

Gjennom ein open, undrande og nysgjerrig tilnærming ønskjer vi å hente fram dei gode ressursane som finst i dei ulike husa i landsbyen, slik at dei kan kome barnet til gode. Vi trur at alle dei viktige relasjonane i landsbyen rundt barnet påverkar barnet si kvardag.

Gjennom å involvere oss i fleire viktige relasjonar rundt barnet, er det enklare å samle landsbyen rundt ein felles forståing av barnet og dra i same retning. Jo betre kontakt, stemning og gjensidig forståing det er mellom dei ulike husa, desto større er sjansen for at barnet opplever tryggleik og forutsigbarheit. Stemninga i dei vaksne relasjonane rundt barnet er òg ein viktig føresetnad for reparasjon og identitetsutvikling. Dette påverkar igjen barnet si kapasitet til utvikling.

Vi ser at verdien av å jobbe med heilskapen rundt barnet er større enn å jobbe isolert med eitt og eitt hus. Kven som er i ein landsby, vil naturleg nok variere frå barn til barn, og storleiken på dei ulike landsbyane varierer.

Landsbyen til barnet består både av private og profesjonelle relasjonar, som foreldre, fosterforeldre, søsken, fostersøsken, annan familie, vener, barnehage, skule, helse og fritid osb. Landsbymodellen har tiltak retta direkte mot dei ulike husa i Landsbyen, samtidig som modellen held høgt stemninga mellom dei ulike husa og korleis dei ulike aktørane i landsbyen kan samhandle og dra i same retning rundt barnet.

Utviklingsprosjekt med Askøy kommune

Øygarden kommune har, i samarbeid med Askøy kommune, eit utviklingsprosjekt i læringsnettverket til statsforvaltaren i Vestland; “Fra barnets vindu”. Dette prosjektet har utvikla tiltak for oppfølging av foreldrehuset i Landsbyen. Ein dimensjon som hadde eit særleg behov for å styrkast i vår fosterbarnsomsorg.

Barneverntjenesten og Familie og rettleiingssenteret har no samarbeidd tett etter landsbymodellen sidan hausten 2021, først og fremst med oppfølging av familiar som har fosterheim som tiltak. Vi ser imidlertid stor overføringsverdi for at landsbymodellen kan overførast direkte til oppfølging i møte med familiar som har andre hjelpebehov enn fosterheim.

Barneverntjenesten går hausten 2024 i gang med å overføre den systemiske tilnærminga, med eit tydeleg ressursfokus over i andre fasar av barneverntjenesten sitt arbeid, med mål om å styrkje familiar og tilby rett hjelp til rett tid.

Kontaktinformasjon

Meir informasjon om Landsbymodellen kan du få ved å kontakte fagutviklarar:

Anette Rakli Børnes 
E-post: anette.bornes@oygarden.kommune.no
Telefon: 482 72 672  

Lita Havnevik Erstad 
E-post: lita.erstad@oygarden.kommune.no 
Telefon: 938 13 448