Informasjon til oppdragstakarar i barneverntenesta
Er du miljøarbeidar, støttekontakt eller tilsynsførar for barneverntenesta? Her finn du nyttig informasjon og skjema.
Nyttig informasjon
Alle oppdragstakarar må levere godkjend politiattest før oppstart, denne skal ikkje vere eldre enn tre månader. Søknad om politiattest skal sendast elektronisk på www.politi.no/tjenester/politiattest.
Ta kontakt med merkantil for å få vedlegg til søknaden, anten på papir eller elektronisk.
Alle oppdragstakarar må signere teieplikt før oppstart av oppdraget.
Som oppdragstakar har du eit engasjement og er ikkje tilsett i kommunen. Du har difor ikkje dei same rettigheiter som arbeidstakarar. Du får ikkje sjukepengar og kan ikkje bruke eigenmelding dersom du er sjuk. Du kan ta ferie, men får ikkje feriepengar. Vi tilrår difor at det å vere oppdragstakar for barneverntenesta ikkje vere hovudinntekta.
Oppdragstakarar må signere engasjementsavtale. Avtalen heimlar omfang av oppdraget og løn. Det må difor vere samsvar mellom engasjementsavtalen og timelister.
Løn vert utbetalt etter gjeldande satsar og i samsvar med engasjementsavtalen.
Timelister for oppdragstakarar skal førast digitalt i Visma Enterprise og Visma Expense. Ta kontakt med barneverntenesta for meir informasjon om dette.
Timelister skal leverast inn fortløpande og seinast innan 2 månader etter utført oppdrag. Oppførte timar MÅ vere i samsvar med engasjementsavtalen.
Fyll ut ei timeliste per barn. Timelister skal merkast med barnet sitt PID nummer (aldri namn grunna teieplikta)
Køyring knytt til oppdraget må vere i samsvar med engasjementsavtalen, og førast på same liste som timelista. Fyll nøyaktig ut og summer opp.
Utgifter knytt til oppdraget kan dekkast i samsvar med engasjementsavtalen. Evt. Utgifter ut over avtalen må avtalast med kontaktperson på førehand. Utgiftsdekning blir utbetalt etter førevist kvittering på betalte utgifter (vedlagte kvitteringar må vere lesbare).
Oppdragstakar skal skrive rapport frå oppdraget etter avtale og i samsvar med engasjementsavtalen. Bruk ferdig mal, og merk med barnet sitt PIDnummer.
- Rapporten skal skrivast på maskin og ikkje for hand.
- Dersom rapport skrivast på privat pc, må rapporten slettast umiddelbart etter at den er sendt til barneverntenesta.
- Rapporten må sendast per post eller leverast direkte til barneverntenesta.
Det er forventa at oppdragstakarar følgjer rettleiing frå barneverntenesta.
Barneverntenesta ønskjer at oppdragstakarane skal få kjennskap til barneverntenesta sitt faglege fundament og verdigrunnlag. Nye oppdragstakarar må gjennomgå opplæringspakke. Oppdrastakarane vil også bli kalla inn til fagsamlingar/rettleiing ein til to gonger i året. Det er forventa at oppdragstakarar møter til slike samlingane.
Dersom du har spørsmål knytt til avtalen, løn, timelister eller køyregodtgjering tek du kontakt med merkantil på telefon 56 16 07 00.
Ved spørsmål eller behov for rettleiing knytt til det konkrete oppdraget du har, tek du kontakt med kontaktperson for det barnet som oppdraget ditt gjeld.
Skjema
Miljøarbeidar
Støttekontakt
Tilsynsførar
Timar kan førast digitalt i Visma Enterprise, utlegg og kilometergodtgjersle kan førast i Visma Enterprise Expense. Om du ønskjer kan du framleis levere timelister på papir:
Sist endra 02.06.2023 09.32