Informasjon til oppdragstakarar i barneverntenesta
Er du miljøarbeidar, støttekontakt eller tilsynsførar for barneverntenesta? Her finn du nyttig informasjon og skjema.
Nyttig informasjon
Alle oppdragstakarar må levera godkjend politiattest før oppstart, denne skal ikkje vera eldre enn tre månader. Søknad om politiattest skal sendast elektronisk på www.politi.no/tjenester/politiattest.
Ta kontakt med merkantil for å få vedlegg til søknaden, anten på papir eller elektronisk.
Alle oppdragstakarar må signera teieplikt før oppstart av oppdraget.
Som oppdragstakar har du eit engasjement og er ikkje tilsett i kommunen. Du har difor ikkje dei same rettigheiter som arbeidstakarar. Du får ikkje sjukepengar og kan ikkje bruka eigenmelding dersom du er sjuk. Du kan ta ferie, men får ikkje feriepengar. Vi tilrår difor at det å vera oppdragstakar for barneverntenesta ikkje vert hovudinntekta.
Oppdragstakarar må signera engasjementsavtale. Avtalen heimlar omfang av oppdraget og løn. Det må difor vera samsvar mellom engasjementsavtalen og timelister.
Løn vert utbetalt etter gjeldande satsar og i samsvar med engasjementsavtalen.
Timelister for oppdragstakarar skal førast digitalt i Visma Enterprise og Visma Expense. Ta kontakt med barneverntenesta for meir informasjon om dette.
Timelister skal leverast inn fortløpande og seinast innan 2 månader etter utført oppdrag. Oppførte timar MÅ vera i samsvar med engasjementsavtalen.
Fyll ut ei timeliste per barn. Timelister skal merkast med barnet sitt saksnummer (aldri namn grunna teieplikta)
Køyring knytt til oppdraget må vera i samsvar med engasjementsavtalen, og førast på same liste som timelista. Fyll nøyaktig ut og summer opp.
Utgifter knytt til oppdraget kan dekkast i samsvar med engasjementsavtalen. Evt. utgifter ut over avtalen må avtalast med kontaktperson på førehand. Utgiftsdekning blir utbetalt etter førevist kvittering på betalte utgifter (vedlagte kvitteringar må vere lesbare).
Oppdragstakar skal skriva rapport frå oppdraget etter avtale og i samsvar med engasjementsavtalen. Bruk elektronisk skjema, og merk med barnet sitt saksnummer.
Den personlege informasjonen du fyller ut i dette skjemaet, blir kryptert før han blir sendt til oss. Vi vil oppbevare og handsame han på ein trygg måte, og berre gjere han tilgjengeleg for dei som treng det for å ivareta føremålet ovanfor. Det betyr i praksis at han blir tilgjengeleg for saksbehandlarar, arkivmedarbeidarar og teknisk personell. For å sikre at informasjonen kjem frå deg, blir du bedd om å logge inn via ID-porten. Du vil motta kvittering på innsendt skjema.
Det er forventa at oppdragstakarar følgjer rettleiing frå barneverntenesta.
Dersom du har spørsmål knytt til avtalen, løn, timelister eller køyregodtgjering tek du kontakt med merkantil på telefon 56 16 07 00.
Ved spørsmål eller behov for rettleiing knytt til det konkrete oppdraget du har, tek du kontakt med kontaktperson for det barnet som oppdraget ditt gjeld.
Oppdragstakar
Besøksheim
Fritidskontakt
Tilsynsførar
Timar kan førast digitalt i Visma Enterprise, utlegg og kilometergodtgjersle kan førast i Visma Enterprise Expense. Om du ønskjer kan du framleis levere timelister på papir.
Sist endra 25.09.2025 17.19