Barnevernvakt – akutt hjelp utanom ordinær arbeidstid

Øygarden kommune samarbeider med Bergen kommune om barnevernvakta. Samarbeidet skal sikre at barn, unge og deira familiar får nødvendig hjelp også utanom ordinær arbeidstid. 

Har du akutte bekymringar eller treng hjelp når barnevernet er stengt, må du ta kontakt med barnevernvakta i Bergen.

Kontaktinformasjon

  • Telefon: 55 36 11 80
  • Besøksadresse: Bergen sentrum politistasjon, Allehelgensgate 6, 5016 Bergen

Barnevernvakta gir råd og rettleiing og kan rykka ut ved alvorlege hendingar der barn og unge er i ein vanskeleg situasjon.

Når bør eg ta kontakt?

Ta kontakt dersom du sjølv vert utsett for eller kjenner til at barn eller unge vert utsett for;

  • vold eller vitne til vold
  • seksuelle overgrep
  • foreldre som rusar seg
  • omsorgssvikt
  • kjønnslemlesting
  • tvangsgifte

Kva skjer når eg tek kontakt?

Når du tek kontakt vert følgjande vurdert:

  • om situasjonen kan løysast ved hjelp av råd og rettleiing
  • om situasjonen er alvorleg og det bør sendast melding til kommunen barnet bur i
  • om situasjonen er akutt og det straks bør settast i verk tiltak 

Vidare vil barnevernvakta vurdera om det er best å reisa heim til familien det gjeld eller at oppfølging best kan skje hos barnevernvakta.

Barnevernvakta i Bergen
Telefon 55 36 11 80

Politiet på telefon 02800

Adresse

Bergen sentrum politistasjon
Allehelgensgate 6, 
5016 Bergen