Avlasting

Dei som har særleg tyngande omsorgsoppgåver kan søkja om avlasting.

Kven kan få tilbodet?

Pårørande med særleg tyngande omsorgsoppgåver for familemedlemer, som har fysisk elle psykisk funksjonsnedsetting. Det må vera vurdert at behovet for nødvendige helse – og omsorgstenester må vera til stades.

Kva kan du få hjelp til?

Avlasting kan ytast på timebasis eller gjennom døger i heimen eller i avlastingsbustad

Som pårørande får du:

  • Nødvendig og regelmessig fritid og ferie.
  • Høve til å oppretthalda gode familerelasjonar og sosial nettverk.

Som deltakar får du:

  • Individuelt tilrettelagt avlastingstilbod med tilpassa aktivitetar.

Slik søkjer du

Søk om avlasting (PDF, 202 kB)

Utfylt og signert skjema skal sendast til:
Øygarden kommune
Ternhomvegen 2
5337 Rong

Det er ikkje søknadsfrist, søknadane vert behandla fortløpande.

Prisar

Tenesta er gratis.

Kva skjer vidare?

Søknaden vert vurdert etter ei kartlegging av behov. Dersom retten til hjelp er til stades, vil ein i dialog finna fram til eigna teneste.

Øygarden kommune
Telefon 56 16 00 00