Mattemaraton: Tjeldstø nestbest i landet

Torsdag vart det kjent at  Tjeldstø skule vart beste skule i Øygarden, beste skule i Vestland fylke og nestbest i landet i Mattemaraton.
- Det er første gong at skulen har jobba så målretta og samla i Mattemaraton som dette året, seier avdelingsleiar på Tjeldstø skule, Elisabeth Gravem Sanden.

Det var stor innsats frå deltakarane frå Øygarden. Biletet er frå Tjeldstø skule. - Klikk for stort bileteDet var stor innsats frå deltakarane frå Øygarden. Biletet er frå Tjeldstø skule.

Blant deltakarane i Øygarden, kom Bjorøy skule på andreplass medan Toftøy skule vart nummer tre. Bjorøy og Toftøy skular har også andre og tredjeplass i fylket. Skogsvåg ligg også inne på 10 på topp-lista i fylket på ein sjuandeplass. Nasjonalt kom Bjorøy på 4. plass.

Elisabeth Gravem Sanden opplyser at på Tjeldstø skule har alle klassane hatt fokus på Mattemaraton, både på skulen og heime.

- Vi har hatt ein intern konkurranse i to kategoriar, med is-premie til klassen som gjer flest oppgåver og registrerer lengst distanse. Det har ført til auka arbeidslyst og motivasjon. Elevar har jobba på sitt nivå, og fleire har utfordra seg sjølv med oppgåver på høgare klassetrinn, seier ho.

Mattemaraton er tilpassa alle. Dei siste dagane har det vore mykje samarbeid og fokus på å få alle elevane gjennom ei løype på 200 oppgåver, med samarbeid på tvers og gode supporterar frå andre klassen. Lærarar ha arrangert mosjonsløp med saftstasjon for å samla kilometer, og gått på turar.

- Det mest magiske å sjå er ivrige elevar sitja med matteoppgåver i timesvis, og opplevinga av meistring både for ein sjølv om medelevar. 31. mai jobba ein klasse med 14 elevar over 23 timar, nokre til langt på kveld, i håp om å behalda førsteplassen. Gjett om vi er stolte, seier Gravem Sanden.

Frå mosjonsløp på Tjeldstø skule. - Klikk for stort bileteFrå mosjonsløp på Tjeldstø skule.

Avdelingsleiar på Knappskog skule, Ingvild Vikingsen Skogestad, gratulerer deltakarane frå Øygarden med ein fantastisk innsats.

- Det har vore ein vanvittig innsats i heile kommunen. Elevane har løyst 1 704 630 oppgåver. 4059 elevar har starta og 2 161 av desse har fullført minst ein maraton. Til saman har elevane i Øygarden kommune løyst 4 745 maraton i mai, seier ho.

3 420 elevar starta på distansedelen og 2 640 elevar har fullført minst ein distansemaraton. Til saman har elevane fullført 6353 maraton a 42,5 kilometer. Det vil seia at dei har gått 270 002,5 kilometer.

Rektor på Tjeldstø skule Linda Færestrand er også stolt over innsatsen frå elevane.

- Eg vil gje ein særleg stor takk til Elisabeth Gravem Sanden som har stått i spissen for dette. Det har vore eit enormt engasjement både blant lærarane, elevane og foreldra, seier ho.