Kven kan stemma ved stortingsvalet?

For å stemma må du ha stemmerett og stå i manntalet i ein kommune.

Desse har stemmerett:

  • Norske statsborgarar som har fylt 18 år innan utgangen av 2025, som er eller har vore registrert i folkeregisteret som busett i Norge.
  • Norsk personale ved diplomatiske og konsulære stasjonar i utlandet. Det same gjeld husstanden deira.
Ill. Stemmeseddel og valurne - Klikk for stort bilete

Bur du i utlandet? 

Dersom du bur i utlandet, men har vore folkeregistrert som busett i Noreg i løpet av dei siste 10 åra, blir du automatisk ført inn i manntalet i kommunen du var registrert som busett i då du flytta frå Noreg.

Tidlegare måtte veljarar som ikkje har vore busett i Norge dei siste 10 åra søka om innføring i manntalet, men frå og med 2025 er det tilstrekkeleg at dei faktisk har stemt.

Du finn meir informasjon for veljarar busett i utlandet på valg.no

Om manntalet

Oversikta over alle som har stemmerett i ein kommune kallast manntalet. Er du busett i Norge blir du automatisk ført inn i manntalet i kommunen der du er folkeregistrert som busett 30. juni 2025.

Dersom du flyttar til Øygarden og registrerer adressa di i Folkeregisteret etter 30. juni 2025, vil du ha stemmerett i kommunen du flyttar frå.

Du kan førehandsstemma i kva kommune som helst, men dersom du skal stemma på sjølve valdagen må du gjera det i eit vallokale i kommunen du er manntalsført i.

Står du i manntalet?

Manntalet i Øygarden for sametingsvalet- og stortingsvalet vert offentleg tilgjengeleg frå 15. juli til 8. september på rådhuset på Straume, og innbyggartorga og biblioteka på Sartor Storsenter, Rong Senter og Sund Senter. Då kan du sjekka om du er ført i manntalet og melda frå om eventuelle feil.

Står ikkje namnet ditt i manntalslistene som er lagde ut, eller det er andre feil i listene, kan du klaga til valstyret. Klaga må vera skriftleg og grunngjeven. Valstyret vil retta feil i manntalet så lenge det er praktisk mogeleg fram til valdagen.

Adressa til valstyret:

Øygarden kommune v/valstyret
Ternholmvegen 2
5337 Rong
Tlf. 56 16 00 00

E-post til valstyret

postmottak@oygarden.kommune.no