Reaktordrivne ubåtar

Jamleg kjem det britiske, franske og amerikanske militær reaktordrivne fartøy til Noreg. Det er krav om konsesjon etter atomenergilova for å gjennomføra desse anløpa.

Anløpa finn som regel stad i faste etablerte anløpsområde. Etter at Olavsvern utanfor Tromsjø vart lagt ned i 2009, er det berre på Haakonsvern orlogsstasjon at det kjem reaktordrivne fartøy til Noreg. 

På nettsida til Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) kan du lesa om ulike hendingar som kan oppstå under eit anløp. Fartøyet kan kollidera, ha brann eller eksplosjon ombord eller hendingar kan oppstå som følgje av menneskeleg faktorar eller vilja handlingar som sabotasje. Fartøyet kan også vera eit mål for eit terrorangrep eller angrep frå ei framand makt. 

Ut frå tidlegare erfaringar med anløp av reaktordrivne fartøy, er det låg sannsyn for at noko slikt skal skje.

Les meir på nettsida til DSA her.