Arbeidsmiljøutvalet (AMU)
Arbeidsmiljøutvalet (AMU) skal arbeida for eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø for dei tilsette i kommunen.
Utvalet skal ta del i planlegginga av verne- og miljøarbeidet og følgja nøye med på utviklinga i saker som gjeld tryggleiken, helsa og velferda til arbeidstakarane. Arbeidsgjevaren og arbeidstakarane har like mange representantar i utvalet. Bedriftshelsetenesta er også representert, men har ikkje stemmerett.
Verneombod og medlemer av arbeidsmiljøutvalet har teieplikt etter forskrift om organisering, leiing og medverknad § 3-17.
Tilsette kan melda saker til AMU gjennom arbeidsutvalet
Alle arbeidstakarar kan ta kontakt med arbeidsmiljøutvalet (AMU) og melda inn ei sak jf. forskrift om organisering, leiing og medverknad § 3-16. AMU har eit eige arbeidsutval som førebur og prioriterer alle saker før dei kjem til behandling i arbeidsmiljøutvalet. Tilsette kan melda inn saker til arbeidsutvalet, ved å senda e‑post til au@oygarden.kommune.no.
Saksdokument for tilsette (intranett)
Saksdokument (nnkallingar) og møteprotokollar ligg på intranettet til kommunen.
Tilsette finn dokumenta under:
Arbeidsmiljøutvalet - Innkalling og møteprotokollar
Dokumenta er ikkje tilgjengelege på nettsidene til kommunen.
Sist endra 04.06.2026 13.24