Valutvalet har ansvar for å førebu saker som gjeld val av representantar til kommunale utval, råd og nemnder der sjølve valavgjerda vert teken av kommunestyret. Kommunestyret vel medlemer til dei ulike folkevalde organa, medan valutvalet utarbeider og legg fram innstillingar til kandidatar.
Valutvalet behandlar også saker om nyoppnemningar og suppleringsval som oppstår i løpet av kommunestyreperioden, når dette er nødvendig for å sikre at organa er fullt bemanna.
Valutvalet er sett saman av fem representantar frå kommunestyret, og kvar av dei har eit personleg varamedlem.
Reglement valutvalet
Sjå alle kommande møte
Tidlegare møte og saker
I møteplanen finn du oversikt over tidlegare møte. Under «møtetidspunkt» kan du velja periode.
Representantar i valutvalet
Sist endra 28.01.2026 11.33