Arbeidsmiljøutvalet (AMU)

Arbeidsmiljøutvalet (AMU) skal virke for gjennomføring av eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø for tilsette i kommunen.

Utvalet skal ta del i planlegginga av verne- og miljøarbeidet, og følge nøye med på utviklinga i spørsmål som vedkjem arbeidstakarane sin tryggleik, helse og velferd. Arbeidsgjevaren og arbeidstakarane er representerte med like mange representantar. Bedriftshelsetenesta er også representert, men har ikkje stemmerett. 

Du kan melde saker til AMU gjennom arbeidsutvalet

Alle arbeidstakarar kan ta kontakt med arbeidsmiljøutvalet (AMU) og melda ei sak jf. forskrift om organisering, leiing og medverknad § 3-16. Arbeidsmiljøutvalet (AMU) har oppretta eit eige arbeidsutval som skal jobbe fram og prioritere saker til møta i arbeidsmiljøutvalet (AMU). Det er såleis ønskjeleg at du melder ei sak gjennom AMU sitt arbeidsutval (outlook) på e-post au@oygarden.kommune.no.

Verneombod og medlemer av arbeidsmiljøutvalet har teieplikt etter forskrift om organisering, leiing og medverknad § 3-17.