Slik kan du påverke politiskLytt til tekstenStopp avspillingEr du oppteken av ei sak eller eit tema, kan du fremja eit innbyggjarforslag. Slik kan du setja nye saker på den politiske dagsorden i Øygarden kommune. Innbyggjarforslag er eit verkemiddel for å fremje nye saker, ikkje for å ta avgjorte saker opp på nytt. Dersom du fremjer eit forslag, er kommunestyret forplikta til å behandla det innan seks månader. Kva er eit innbyggjarforslag? Innbyggjarane i Øygarden kommune kan krevje at eit konkret forslag blir behandla av kommunestyret, forutsett at visse minimumsvilkår er oppfylt. Forslaget kan fremjast elektronisk ved å nytta nettportalen misak.no. Her fremjer ein forslag og samlar underskrifter. Ein kan også senda inn forslag med vanleg postgang. Kommunestyret har plikt til å ta stilling til forslaget. Framsetjing av forslag Framsetjing av forslag Kven kan nytte seg av forslagsretten? Forslagsretten kan nyttast av både enkeltpersonar og organisasjonar med tilknytning til Øygarden kommune. Forslag kan også fremjast av personar under 18 år. Krav om støtte til forslaget Forslag kan fremjast viss minst 2% av innbyggjarar busett i Øygarden kommune, altså 770 personar stiller seg bak forslaget. Støtta skal dokumenterast i form av namn, adresse og postnummer på dei som støtter forslaget. Dei som stiller seg bak eit forslag kan vere under 18 år. Innhald i forslaget Forslag som vert fremja må gjelde kommunen si verksemd, anten oppgåver kommunen faktisk er engasjert i (lovpålagt eller frivillig) eller oppgåver kommunen kan drive med, forutsett at kommunestyret har mynde til å ta avgjerd på det aktuelle saksområdet. Initiativretten kan ikkje nyttast for å gjere om vedtak fatta av kommunestyret i budsjettsamanheng. Tidlegare behandla forslag Eit forslag med same innhald kan ikkje fremjast to gongar i løpet av same valperiode. Eit forslag kan heller ikkje setjast fram på nytt før det er gått fire år sidan forslaget sist vart fremja/behandla av kommunestyret. Krav til formulering Det må gå fram av forslaget kva ein ønskjer at kommunestyret skal ta stilling til. Forslaget bør vere så presist formulert at det er muleg for kommunestyret å vedta forslaget slik det ligg føre. Informasjon om initiativtakar og kontaktperson Det må gå fram av forslaget kven som er initiativtakar(ar), samt namn, adresse, telefonnummer og eventuelt e-post adresse på kontaktperson. Kor skal forslaget sendast Forslaget med underskriftsliste vert å senda til Øygarden kommune: Elektronisk via misak.no Via post til: Øygarden kommune, Ternholmvegen 2, 5337 Rong Behandling og oppfølging av forslag Behandling og oppfølging av forslag Kommunedirektøren si behandling av mottatte forslag Er kommunedirektøren i tvil om vilkåra i loven er oppfylt, vert forslaget lagt fram for kommunestyret til avgjerd. Kommunestyret si behandling av mottatte forslag Kommunestyret pliktar sjølv å ta stilling til eit forslag som oppfyller loven sine krav, jf. pkt 2.1- 2.4 i retningslinene. Kommunestyret kan velje å ta stilling til eit forslag sjølv om det ikkje oppfyller lova sine krav. Kommunestyret skal ta stilling til forslaget snarast muleg, og seinast 6 månader etter at det er fremja. Oppfølging Den oppgitte kontaktperson for forslaget skal informerast om saksgang, vedtak som vert fatta, og om dei eventuelle tiltak som vert gjennomført som følgje av vedtaket. Klage Forslag som er fremja etter reglane for innbyggjarinitiativ og som vert nedstemt av kommunestyret kan ikkje påklagast med mindre dette følgjer av andre reglar, for eksempel forvaltningslova sin regler om klage over enkeltvedtak. Meir informasjon om innbyggjarforslag Rettleiar om innbyggjarforslag Kommuneloven § 39a Innbyggjarforslag Sist endra10.08.2020 07.23