4 Spørsmål
4.1 Kommunestyre sin spørjetime
Kommunestyret tek til med spørjetime i slutten av kvart møte. Spørjetimen skal ikkje vare meir enn éin (1) time. Spørsmål skal stillast til ordførar. Ordførar gjev spørsmålet vidare til ein av utvalsleiarane som svarar dersom spørsmålet er deira ansvarsområde.
Spørjetimen har to delar:
- I første del er det skriftleg varsla spørsmål med førebudde svar, grunngjevne spørsmål og interpellasjonar. Desse skal sendast elektronisk via politikarane sin møteportal innan 3 virkedagar før kommunestyremøtet. Spørsmåla med svar frå ordføraren vert distribuert til kommunestyrerepresentantane i møtet. Det kan opnast for debatt etter kvart spørsmål. Ein representant kan ikkje stille meir enn eitt hovudspørsmål i spørjetimen. Spørsmål, med grunngjeving og svar, skal ikkje vere på meir enn 3 minutt kvar.
- I andre del kan det stillast spørsmål i møtet, - "Open post".
Desse munnlege spørsmåla skal også leggjast inn i møteportalen av representanten som stiller dei. Kvar representant kan stille eitt kort hovudspørsmål avgrensa til 2 minutt. Avsett tid avgrensar kor mange som kan stille spørsmål. Svar er avgrensa til 2 minutt. Etter at det er gjeve svar, har spørjar og svarar rett til å få ordet éin gong kvar. Taletid er avgrensa til eitt minutt.
4.2 Tid til spørsmål i formannskapet og utvala
Utanom dei sakene som står oppført på sakslista til formannskaps- og utvalsmøta, kan faste medlemmer og møtande varamedlemmer komme med spørsmål til møteleiar, kommunedirektøren/ den som representerer kommunedirektøren.
Spørsmåla skal sendast inn i møteportalen og må gjelde kommunale tilhøve og vere av interesse for fleire. Spørsmåla bør vere korte og klare. I den grad det er mogeleg skal møteleiar eller kommunedirektøren svare på spørsmålet i sjølve møtet. Dersom dette ikkje let seg gjere, kan ein komme tilbake med svar i neste møte.