3 I møte
3.1 Møteleiing - namneopprop - godkjenning
Ordførar/utvalsleiar styrer møtet.
Har ordførar forfall styrer varaordføraren møtet. Har dei begge forfall, skal kommunestyret/ formannskapet velje ein særskilt møteleiar (setjeordførar) etter kommunelova §11-2.
Har utvalsleiar forfall, tek nestleiar over oppgåvene. Har nestleiar forfall vel utvalet sjølv leiar mellom sine faste medlemmer, jf. kommunelova §11-2.
Møteleiar føretek namneopprop på dei frammøtte representantar og møtande vararepresentantar. Møteleiar erklærer møtet for lovleg sett dersom det lovlege minstetal er til stades og dei formelle sider vedkomande innkallinga er godkjent.
Frå møtet er lovleg sett og fram til møtet er heva, kan ingen av representantane forlate møtet utan å melde frå til møteleiaren.
Representantar eller vararepresentantar som kjem til etter namneoppropet, skal melde seg til møteleiaren før dei kan delta i møtet. Skjer frammøte etter at ei sak er teken opp til avrøysting, må representanten vente til neste sak på saklista før han kan ta del i drøftingane.
3.2 Spørsmål om innkalling, saksliste, m.m.
Dersom det vert reist tvil om saker i samband med sakliste eller forretningsorden, skal dette behandlast først. Deretter skal møtet behandle dei sakene som er nemnd i innkallinga, og i den rekkjefølgje dei er nemnd der. Møtet kan med vanleg fleirtal vedta ei anna rekkjefølgje. Saker som ikkje er nemnd i innkallinga kan ikkje takast opp til realitetsbehandling dersom møteleiaren eller 1/3 av dei møtande representantane motset seg dette, jf. kommunelova § 11-3.
Er ei sak teken opp til drøfting, må møtet halde fram til saka er avgjort eller til det er gjort vedtak om utsetjing av saka.
3.3 Ugildskap
Den som er ugild i ei sak etter kommunelova § 11-10 eller forvaltningslova § 6, skal ikkje vere med å drøfta eller avgjere saka. Når ein representant meiner seg ugild i ei eller fleire saker på sakslista skal han, snarast etter at innkalling er motteken, gje melding om dette til møteleiar og politisk sekretariat. Representanten skal sjølv erklære seg ugild i møtet, eller stille grunngjeve spørsmål om dette til møtet. Kommunestyret/formannskapet/utvalet tek dette opp til drøfting og avgjer spørsmålet om representanten er ugild eller ikkje.
3.4 Møteleiar si saksutgreiing, rekkjefølgje i ordskifte
Møteleiaren skal lese opp saksnummer og sakstittel som er brukt i innkallinga og gjere greie for fleirtalstilrådinga dersom det føreligg tilråding i saka.
Dersom nokon opprettheld eit eventuelt mindretalsforslag i saka, må dette fremjast særskilt.
Møteleiar gjer greie for saka så langt han finn det nødvendig. Møteleiaren spør deretter om nokon ønskjer ordet til saka, og representantane får ordet i den rekkjefølgje dei ber om det.
3.5 Til forretningsorden
Ein representant som vil ha ordet til forretningsorden får ordet utanom den oppsette talarlista, til dømes for å gjere forslag om avgrensa taletid, setje strek, merknader til behandlingsmåten, uttale seg om avrøystingsmåte mv. Den som får ordet til forretningsorden får sterkt avgrensa taletid og får ordet berre éin gong.
3.6 Taletid og replikk/ordskifte
I kommunestyremøta kan det vere aktuelt å fastsetja taletid for ordskiftet. Ordskifte/replikkordskifte føregår frå talarstolen.
Ved behandling av budsjett og andre større saker kan kvart parti/kvar gruppering halde eitt hovudinnlegg innanfor ei nærare fastsett tidsramme. Etter dette innlegget vert det gjeve høve til ein replikkrunde og til å svare på replikkane.
Etter at hovudinnlegga er haldne, kan representantane få ordet til innlegg.
Generelt (alle møte i kommunestyre/formannskap/utval) gjeld at talarane skal rette innlegget til ordføraren/møteleiaren. Innlegget skal starta med ordførar/møteleiar. Talaren skal halde seg til saka eller til den delen av saka som ordskiftet gjeld. Møteleiaren skal sjå til at dette vert gjort.
Talaren må ikkje ordlegge seg slik at representantane kjenner seg krenka. Ingen må gje uttrykk for si meining ved å lage bråk eller uro i salen. Møteleiaren skal sjå til at dette ikkje skjer og kan gje åtvaring om nokon bryt desse reglane. Leiaren skal også, på same grunnlag, ha høve til å vise ut frå møta.
Om møteleiar vurderer det nødvendig og rett kan kommunedirektøren gje informasjon og tilleggsopplysningar i ei sak. Kommunedirektøren kan elles få ordet under referatsaker og orienteringar.
Om møteleiar har sett sluttstrek for å melde seg på talarlista, og det vert sett fram nye forslag til vedtak, skal møteleiar gje høve til ordskifte om dei nye forslaga.
Det vert gjeve høve til replikkar etter kvart innlegg. Replikk er ein kort merknad på inntil 1 min, med høve til svar-replikk på inntil 1 min.
3.7 Avslutning av ordskiftet
Møteleiaren gjer forslag om sluttstrek på talarlista når ei sak synest å vere ferdigdrøfta. Dei som har meir å føye til i saka, kan då teikne seg på talarlista under påfølgjande innlegg. Møteleiaren refererer talarlista før strek vert sett.
Når drøftingane er avslutta, vert saka teken opp til røysting. Ved røysting er det berre dei som sit på plassane sine som har røysterett.
3.8 Forslag
Forslag skal vere skriftlege og leverast elektronisk gjennom kommunen sitt politikarportalsystem. Forslag kan setjast fram munnleg om det gjeld val, eller om ei sak skal realitetsbehandlast eller utsetjast. Det same gjeld forslag om oversending til eit anna kommunalt organ eller om å vrake eit forslag.
Det er høve til å fremje oversendingsforslag til organ, utan at det vert tatt stilling til realiteten i saka. Det vert røysta over om forslaget skal oversendast, og organet kan med alminneleg fleirtal motsetje seg at eit slikt forslag vert oversendt. Oversendingsforslaget vert i regelen lagt fram i påfølgjande møte i mottakarorganet utan saksutgreiing. Mottakarorganet tek stilling til forslaget og vel sjølv korleis saka skal følgjast opp. Avsendarorganet skal underrettast ved referatsak om korleis det underordna organet har følgd opp oversendingsforslaget.
Møteleiaren skal referere alle forslag som vert tekne opp til røysting.
3.9 Røysting - røystetema
Når ordskiftet er slutt vert saka teken opp til røysting. Ein eller fleire representantar kan be om prøverøysting. Prøverøysting er ikkje bindande.
Ved behandling av økonomiplan eller årsbudsjett, gjeld særskilde røystereglar, jf. kommunelova § 11-9 3. ledd.
3.10 Røystemåtar - manuell eller elektronisk
Frå og med 2024 er det gjort tilgjengeleg ein elektronisk voteringsfunksjon i Møteportalen og som skal takast i bruk under votering i kommunestyret, formannskapet og utvala i første omgang.
Møteleiar skal opplyse om kva røystemåte som vert brukt i det einskilde møtet og den einskilde sak.
Desse røystemåtane kan nyttast:
Elektronisk votering:
a) Når saka er ferdig debattert skal møteleiar gi beskjed om at votering skal starte, og korleis den skal føregå. Møtesekretær set forslaget / forslaga opp til elektronisk votering og avsluttar voteringa når alle har stemt. Møtande representantar har plikt til å votere.
Møteleiar les opp voteringsresultatet.
Manuell votering:
b)Møteleiar oppmodar ev. representantar som er imot eit forslag om å reise seg eller rekke opp handa. Kontrarøysting skal gjennomførast dersom møteleiaren eller ein av representantane krev det.
c)Ved namneopprop
Denne røystemåten kan berre nyttast når det skal svarast ja eller nei til forslaget. Møtesekretæren kontrollerer røystinga med avkryssing på lista over representantar. Røystinga med namneopprop skal nyttast når møteleiaren krev det, eller når ein representant krev det og får medhald av 1/4 av møtelyden. Like eins skal det haldast namneopprop når 1/4 av møtelyden meiner at utfallet av ei røysting etter pkt. b) ovanfor er uklår. Røysting over spørsmålet om namneopprop skal gjerast utan ordskifte og slik som nemnd under pkt. b).
d) Alternativ røysting.
Er det sett fram alternative forslag, og ingen av desse får fleirtal ved første røysting, vert det deretter røysta alternativt mellom dei to forslaga som fekk flest røyster. Alternativ røysting kan berre nyttast der dette er heimla i lova, eller der ein samrøystes går inn for det.
Om det ved røysting oppstår likt røystetal, gjeld følgjande:
- ved likt røystetal i andre saker enn val, er møteleiar si røyst avgjerande jf. kommunelova § 11-9.
- ved likt røystetal under val, jf. kommunelova §§ 7-6, 7-8, skal saka avgjerast ved loddtrekking.