Møteplikt og forfall

Som folkevald har du møteplikt i dei kommunale organa du er vald inn i med mindre du har gyldig forfallsgrunn eller er ugild i ei sak, jf. kommunelova § 8-1. Vi ber dei folkevalde, både faste medlemmar og vara, om å halde dei oppsette møtedagane ledige, og i utgangspunktet ikkje legge feriar eller andre planar til dei aktuelle møtedagane. 

Korleis melda forfall?

Forfall med forfallsgrunn skal meldast så raskt som mogeleg, helst direkte i møteportalen, eller ev. på e-post/telefon til møtesekretær. Kontaktinformasjon til møtesekretærar.

Sekretariatet kallar inn vara

Representantane skal ikkje kalle inn vara sjølve. Politisk sekretariat kallar inn vararepresentantar i ei fast rekkefølgje fastsett av valresultatet. Dette gjeld og ved forfall forårsaka av ugildskap i ei eller fleire saker.

Møteplikt

Kommunelova § 8-1 første ledd slår fast at medlemer av eit kommunalt folkevald organ har møteplikt og det er berre er i tilfelle kor medlemen har "gyldig forfall" at dei ikkje har møteplikt.

Gyldig forfall

Gyldig forfall skal kunne bli innfridd med eit visst rimeleg skjønn, men kriteria for gyldig forfall er strenge. Ansvaret ligg i stor grad hjå leiaren for dei enkelte organa. Ein brei definisjon av omgrepet “gyldig forfall” kan medføra ein direkte utholing av møteplikta. Forutan å vera direkte lovstridig vil dette kunne medføra alvorlege problem for organet si saksbehandling og avgjerdsdyktigheit. 

Døme på gyldig forfall er sjukdom, arbeid som ikkje kan utsetjast som forretningsreiser, og storhendingar som bryllaup, jubileum og gravferd.

Ugyldig forfall

Ugyldig forfall er til dømes private reiser og ærend, fritidsaktivitetar, mindre familiehendingar og sosiale samlingar, arbeid der plikter kan utsetjast.

Møte i andre utval er ikkje godkjend forfallsgrunn til hovudutval og kommunestyre med unntak av møte i utval på høgare nivå som Stortinget. Møte i kommunale og fylkeskommunale verv er likestilte og den folkevalde kan då sjølv avgjera kva organ han/ho skal møta i.  

Permisjon frå møta

Reglane for permisjon under møta er dei same som ved forfall.

Rett til fri frå arbeid

Arbeidstakarar har krav på fri frå arbeid når det er naudsynt på grunn av møteplikt i kommunale folkevalde organ, jf. kommunelova § 8-2. Dette inkluderer også naudsynt reisetid.