Forsikringar for folkevalde

Øygarden kommune har følgjande forsikringsordningar for folkevalde:

Forskrifta

«§ 8 i Forskrift om folkevalde sine rettar til godtgjersle og velferdsgode, Øygarden kommune, Vestland» regulerer forsikring for folkevalde og seier:

«Folkevalde i ombod på minst 50 % av 1/1 stilling er omfatta av gruppelivsforsikring med same ytingar som for arbeidstakarar.

For folkevalde i verv på 50 % eller meir gjeld Hovudtariffavtalen sitt kap. 1 § 10 om ytingar etter dødsfall/gruppelivsforsikringar og ulykkesforsikring lik dei tilsette si ordning.

Folkevalde som er på reise i samband med vervet, er forsikra gjennom Øygarden kommune si reiseforsikring. Deltaking på møte i utval og nemnder er ikkje å rekne som tenestereise.»

Reiseforsikring

Folkevalde som reiser i samband med vervet, er dekte av Øygarden kommune si reiseforsikring.
Deltaking på møte i utval og nemnder blir ikkje rekna som tenestereise.

Yrkesskadeforsikring

Folkevalde med mindre enn 50 % stilling er omfatta av lov om yrkesskade under utøving av ombodet.

Yrkesskadar skal meldast til NAV. Under NAV si yrkesskadeordning blir dei fleste former for naudsynt medisinsk behandling dekte.

Dersom skaden medfører økonomisk tap, bør skaden òg meldast til kommunen sitt forsikringsselskap.

Kontakt ved skade

Folkevalde skal ta kontakt med politisk sekretariat ved skadar.

Politisk sekretariat
E-post