Podkastepisode 21: Korleis var 2025?
I denne episoden av podkasten Rådhuset utfordrar kommunedirektør i Øygarden, Johnny Breivik, ordførar Tom Georg Indrevik og administrerande direktør i Brødrene Ulveseth, Inger Kristin Ulveseth, til å oppsummera året 2025. Gjestene kjem også med tankar om framtida.
- Den største oppturen i år er at vi har klart å snu økonomien og at kommunen truleg kjem ut med eit lite pluss i 2025. Det gjer oss i stand til å løysa framtidige oppgåver på ein god måte, seier Tom Georg Indrevik.
- Budstadbygginga har teke seg opp det siste halvåret, men eg tvilar på om ein klarer å nå målet om 130 tusen nye bustader innan 2030 slik regjeringa arbeider for, seier Inger Kristin Ulveseth.
I november overrekte Bergen Næringsråd og Fana Sparebank Bærekraftprisen for 2025 til Brødrene Ulveseth.
Publisert 12.12.2025 07.15