Podkastepisode 16: Møt to visjonære samfunnsaktørar med beina på jorda
Peder O. Lie frå Li i Øygarden og Inge Halstensen frå Bekkjarvik i Austevoll har mykje felles. Begge er knytt til eit rikt fiskerimiljø og er profilerte samfunnsbyggjarar.
I podkasten Rådhuset inviterer kommunedirektør i Øygarden personar som har noko viktig å seia oss. I denne episoden fortel dei to samfunnsaktørane om oppturar og nedturar over fleire generasjonar.
- Inge har utvikla den finaste plassen mellom Bergen og Haugesund, seier Peder.
- Skal vi utvikla oss, må vi finna dei rette til å utføra oppgåvene, seier Inge.
I tillegg til å vera fiskebåtreiarar, har dei i sine lokalmiljø engasjert seg i handel, eigedom, byutvikling, turisme og kultur. Saman representerer Liegruppen og K. Halstensen over tre hundre arbeidsplassar.
Publisert 05.09.2025 07.15